Sentence view
Universal Dependencies - Norwegian - Nynorsk
Language | Norwegian |
---|
Project | Nynorsk |
---|
Corpus Part | dev |
---|
Annotation | Øvrelid, Lilja; Jørgensen, Fredrik; Hohle, Petter; Dale, Ingerid Løyning; Solberg, Per Erik; Kåsen, Andre |
---|
showing 401 - 500 of 1890 • previous • next
Men Marie Høeg var ikkje berre fotograf, ho var òg ein svært engasjert kvinneaktivist.
s-401
014575
Men Marie Høeg var ikkje berre fotograf, ho var òg ein svært engasjert kvinneaktivist.
På dei åtte åra ho budde i Horten skipa ho heile fire foreiningar.
s-402
014576
På dei åtte åra ho budde i Horten skipa ho heile fire foreiningar.
På fritida eksperimenterte ho med kjønnsroller og konvensjonar i atelieret saman med Bollette Berg.
s-403
014577
På fritida eksperimenterte ho med kjønnsroller og konvensjonar i atelieret saman med Bollette Berg.
Den vesle samlinga med glasnegativ syner ei ung, sjølvsikker og lite høgtidleg kvinne, som prøver ulike roller.
s-405
014579

Ho utfordrar konvensjonane og vil bryte ut av den rolla ho er sett i.
s-406
014580
Ho utfordrar konvensjonane og vil bryte ut av den rolla ho er sett i.
Ho leikar med identitetar, men i leiken sansar me òg eit alvor.
s-407
014581
Ho leikar med identitetar, men i leiken sansar me òg eit alvor.
Ho kler seg ut som mann, i dress og jamvel underklede, ho kler seg ut som nasjonalhelt i selskinnspels, ho kler seg som kvinne, men poserer ukonvensjonelt og gjerne med både dram og sigarett.
s-408
014582

Ho kler òg av seg som kvinne og syner seg sårbar.
s-409
014583
Ho kler òg av seg som kvinne og syner seg sårbar.
Konservator ved Preus Museum, Hanne Holm-Johnsen, fortel om ei rørsle i tida.
s-410
014584
Konservator ved Preus Museum, Hanne Holm-Johnsen, fortel om ei rørsle i tida.
- Kring år 1900 voks interessa for å flytte grenser og betre rettane til kvinnene.
s-411
014585
- Kring år 1900 voks interessa for å flytte grenser og betre rettane til kvinnene.
Kvinnene ville ikkje lenger bli sette i bås, dei ville i større grad vere seg sjølve og bryte med forventningane.
s-412
014586

- Kva slag rolle spelar fotografiet oppi dette?
s-413
014587
- Kva slag rolle spelar fotografiet oppi dette?
- Fotografiet var ei ny og spontan kunstform som gjorde det lettare å eksperimentere.
s-414
014588
- Fotografiet var ei ny og spontan kunstform som gjorde det lettare å eksperimentere.
Fotografiet hadde stor kraft, det kunne nå langt utover og bidra til å skape nye rollemodellar.
s-415
014589
Fotografiet hadde stor kraft, det kunne nå langt utover og bidra til å skape nye rollemodellar.
Ikkje berre endra det måten ein såg kvarandre på, men også korleis ein såg seg sjølv.
s-416
014590
Ikkje berre endra det måten ein såg kvarandre på, men også korleis ein såg seg sjølv.
Marie Høeg var ikkje åleine om å eksperimentere på denne måten.
s-417
014591
Marie Høeg var ikkje åleine om å eksperimentere på denne måten.
Rundt omkring i Europa og USA gjorde fleire kvinnelege kollegaer det same, somme jamvel i full offentlegheit.
s-418
014592
Rundt omkring i Europa og USA gjorde fleire kvinnelege kollegaer det same, somme jamvel i full offentlegheit.
Frances Benjamin Johnston (1864 - 1952) frå USA er vidgjeten for sjølvportrettet der ho sit framfor ein peis, karsleg, med godt synlege underskjørt, ein sigarett i den eine handa og eit ølkrus i den andre.
s-419
014593

Også franske Claude Cahun (1894 - 1954) var oppteken av kjønnsroller og seksualitet i virket sitt.
s-420
014594
Også franske Claude Cahun (1894 - 1954) var oppteken av kjønnsroller og seksualitet i virket sitt.
- Var det mange kvinnelege fotografar på same tid som Høeg?
s-421
014595
- Var det mange kvinnelege fotografar på same tid som Høeg?
- Ja, det var faktisk påfallande mange!
s-422
014596
- Ja, det var faktisk påfallande mange!
Det var eit stort overskot av kvinner, mange vart ikkje gifte og måtte dermed klare seg på eiga hand.
s-423
014597
Det var eit stort overskot av kvinner, mange vart ikkje gifte og måtte dermed klare seg på eiga hand.
Dei gjekk inn i relativt nye yrke som ikkje alt var mannsdominerte, mellom anna fotografering.
s-424
014598
Dei gjekk inn i relativt nye yrke som ikkje alt var mannsdominerte, mellom anna fotografering.
Dette vart rekna som eit passande kvinneyrke, fordi ein trudde at kvinner hadde større sans for iscenesetjing og kunst, og det var heller ikkje så dyrt å etablere seg som fotograf.
s-425
014599

At dei drog utanlands for å utdanne seg, var heller ikkje så uvanleg.
s-426
014600
At dei drog utanlands for å utdanne seg, var heller ikkje så uvanleg.
Det kom òg mange utanlandske fotografar til Noreg, det var i det heile eit nokså internasjonalt miljø.
s-427
014601
Det kom òg mange utanlandske fotografar til Noreg, det var i det heile eit nokså internasjonalt miljø.
Selskapeleg diskusjon
s-428
014602
Selskapeleg diskusjon
Det var truleg i Finland at Marie Høeg vart engasjert i kvinnerørsla.
s-429
014603
Det var truleg i Finland at Marie Høeg vart engasjert i kvinnerørsla.
Ho lét engasjementet sitt smitte over på kvinnene i Horten og mana til kvinnekamp på ei tid da ideen om kvinnefrigjering vart mistenkt for å vere eit trugsmål mot eit sømeleg samfunn.
s-430
014604

Mange trudde at kvinnefrigjering ville føre til ei nedvurdering av den gifte kvinna og dermed oppløysing av ekteskapet og grov umoral.
s-431
014605

«Hvor Ægteskaberne aftager, der tiltager de løse Forbindelser og den unaturlige Utugt», skal presten Thorvald Klaveness frå Sandar i Vestfold ha sagt - i hortensavisa «Gjengangeren».
s-432
014606

I 1896 skipa Marie Høeg Hortens selskabelige Diskussionsforening.
s-433
014607
I 1896 skipa Marie Høeg Hortens selskabelige Diskussionsforening.
Ordet selskabelig vart lagt til namnet for å mildne uttrykket.
s-434
014608
Ordet selskabelig vart lagt til namnet for å mildne uttrykket.
Innkallinga til det første møtet gjekk med bod, for at mennene i byen ikkje skulle bli provoserte.
s-435
014609
Innkallinga til det første møtet gjekk med bod, for at mennene i byen ikkje skulle bli provoserte.
Trass i ein viss skepsis stilte så mange som førti kvinner på det første møtet.
s-436
014610
Trass i ein viss skepsis stilte så mange som førti kvinner på det første møtet.
Føremålsparagrafen til foreininga vart lydande:
s-437
014611
Føremålsparagrafen til foreininga vart lydande:
«Foreningens formål er at samle kvinder til diskussion om tidens spørgsmaal, særlig de, som angaar kvindens stilling.»
s-438
014612

Foreininga eksisterer framleis, under namnet Hortens Diskusjonsforening, og er den eldste i landet i sitt slag.
s-439
014613

Mellom føredragshaldarane opp gjennom åra finn me sterke kvinner som Gina Krog, Betzy Kjeldsberg, Hulda Garborg, Ella Ancher og Halldis Moren Vesaas.
s-440
014614

Hortens selskabelige Diskussionsforening bidrog òg til skipinga av fleire andre organisasjonar, mellom anna Tuberkuloseforeningen (seinare Sanitetsforeningen), Horten Kvinneråd, Hjemmenes vel (seinare Horten Husmorlag) og Yrkeskvinneforeningen.
s-441
014615

Marie Høeg såg på røysteretten som den viktigaste saka i kvinnekampen.
s-442
014616
Marie Høeg såg på røysteretten som den viktigaste saka i kvinnekampen.
Eit viktig føremål med diskusjonsforeininga var å førebu kvinnene på å delta i den offentlege debatten.
s-443
014617
Eit viktig føremål med diskusjonsforeininga var å førebu kvinnene på å delta i den offentlege debatten.
I 1898 skipa ho Noregs første lokale ledd av Landskvinnestemmerettsforeningen, og mange av medlemene frå diskusjonsforeininga vart med over.
s-444
014618

Særleg gjekk dei ugifte kvinnene i bresjen, kanskje fordi dei kjende sterkast konsekvensane av vantande rettar.
s-445
014619

Men etter kvart som det vart meir akseptert å arbeide for røysterett for kvinner, kom også dei gifte kvinnene til.
s-446
014620

Høeg og Nansen
s-447
014621
Høeg og Nansen
I 1896 kom Fridtjof Nansen heim frå polferda si.
s-448
014622
I 1896 kom Fridtjof Nansen heim frå polferda si.
Han vart teken imot som ein helt, han vart eit symbol for nasjonen, eit verkeleg ideal.
s-449
014623
Han vart teken imot som ein helt, han vart eit symbol for nasjonen, eit verkeleg ideal.
Lite ante dei som hylla Fridtjof Nansen, at ein ung, kvinneleg fotograf i Horten var ein av pionerane for ei rørsle som skulle endre samfunnet meir enn noka polarferd ville gjere.
s-450
014624

Medan Nansen hadde heile nasjonen bak seg, hadde Høeg store delar av nasjonen mot seg.
s-451
014625
Medan Nansen hadde heile nasjonen bak seg, hadde Høeg store delar av nasjonen mot seg.
Kvinnekampen har vart i over hundre år og går føre seg framleis, medan Nansens ferd i isen varde i tre.
s-452
014626
Kvinnekampen har vart i over hundre år og går føre seg framleis, medan Nansens ferd i isen varde i tre.
I 1903 flytta Marie Høeg og Bollette Berg til Kristiania, der dei starta eige kunstforlag.
s-453
014627
I 1903 flytta Marie Høeg og Bollette Berg til Kristiania, der dei starta eige kunstforlag.
Byen dei forlét, hadde gjennomgått store endringar.
s-454
014628
Byen dei forlét, hadde gjennomgått store endringar.
Ein kan dra linjer frå Marie Høeg og fram til kvinnefrigjeringa for alvor tok til i 20-åra, og vidare til 70-åra og fram til i dag.
s-455
014629

Fotografisk går det linjer mot ein praksis som kvinnelege kunstnarar etter kvart har flytta til det offentlege rommet.
s-456
014630

Marie Høeg var ei engasjert kvinne heile livet.
s-457
014631
Marie Høeg var ei engasjert kvinne heile livet.
Ho hadde pågangsmot, energi og organisasjonstalent.
s-458
014632
Ho hadde pågangsmot, energi og organisasjonstalent.
Ho var både eldsjel og kulturspreiar.
s-459
014633
Ho var både eldsjel og kulturspreiar.
Marie Høegs liv og virke har naturleg nok vekt interesse i fleire krinsar.
s-460
014634
Marie Høegs liv og virke har naturleg nok vekt interesse i fleire krinsar.
Tidlegare i år ferdigstilte studierektor Brit Stuksrud ein doktorgrad med tittelen Kvinnestemmeretten i Horten og de andre vestfoldbyene.
s-461
014635

Mediedekning og organisasjonsarbeid.
s-462
014636
Mediedekning og organisasjonsarbeid.
Sølvi Bennett Moen har skrive hovudoppgåva Iscenesettelse og lek med kjønnsidentitet i norsk fotografi omkring 1900, med utgangspunkt i bileta av Marie Høeg.
s-463
014637

Aslaug Moksnes har til og med skrive bok om henne.
s-464
014638
Aslaug Moksnes har til og med skrive bok om henne.
Ikkje minst har Marie Høeg og Bollette Berg vekt interesse i lesbiske og homofile miljø, for det over femti år lange sambuarskapet deira.
s-465
014639

Strør sand på EUs lover
s-466
014640
Strør sand på EUs lover
«Folket udøver den lovgivende Magt ved Storthinget», heiter det i Grunnlova.
s-467
014641
«Folket udøver den lovgivende Magt ved Storthinget», heiter det i Grunnlova.
Men i 1814 hadde ingen høyrt om EØS-avtalen.
s-468
014642
Men i 1814 hadde ingen høyrt om EØS-avtalen.
Og det avmektige Europautvalet var ikkje påtenkt.
s-469
014643
Og det avmektige Europautvalet var ikkje påtenkt.
I demokratiet Noreg skal lover i prinsippet vedtakast av dei folkevalde på Stortinget.
s-470
014644
I demokratiet Noreg skal lover i prinsippet vedtakast av dei folkevalde på Stortinget.
Men som dei fleste Dag og Tid-lesarar vel veit:
s-471
014645
Men som dei fleste Dag og Tid-lesarar vel veit:
I praksis kjem ein god del av lovgjevinga i Noreg i dag frå EU.
s-472
014646
I praksis kjem ein god del av lovgjevinga i Noreg i dag frå EU.
Dei fleste rettsakter som EU vedtek, kjem ufiltrerte inn i norsk lov- og regelverk takk vere EØS-avtalen.
s-473
014647
Dei fleste rettsakter som EU vedtek, kjem ufiltrerte inn i norsk lov- og regelverk takk vere EØS-avtalen.
Frå avtalen tok til å gjelde i 1994 til juni 2007 gjekk 5700 rettsakter frå EU inn i avtalen, opplyser Utanriksdepartementet.
s-474
014648

Men sjølv om Noreg ikkje påverkar utforminga av rettsaktene frå EU, skal likevel Stortinget kunne ha eit ord med i laget - i teorien.
s-475
014649

For alle rettsaktene frå EU skal leggjast fram på møte i det såkalla Europautvalet, tidlegare kalla EØS-utvalet.
s-476
014650

Her sit mange tunge stortingsfolk frå utanrikskomiteen, med høve til å slå alarm om det kjem uakseptable direktiv frå EU.
s-477
014651

Men i praksis er utvalsmedlemene stort sett stille som mus.
s-478
014652
Men i praksis er utvalsmedlemene stort sett stille som mus.
Må det vere slik?
s-479
014653
Må det vere slik?
Ein enkel grunn til at Europautvalet gjer så lite av seg, er den knappe tida dei har til å setje seg inn i sakene.
s-481
014655

Dei får innkalling og sakliste ei knapp veke før kvart møte.
s-482
014656
Dei får innkalling og sakliste ei knapp veke før kvart møte.
Og til kvart møte kjem ein svær bunke med nye rettsakter frå EU, iblant meir enn femti i talet, somme av dei svært kompliserte.
s-483
014657

Rettsaktene kjem med korte presentasjonar frå den norske regjeringa, men desse er så korte at ein ikkje blir særleg klok på innhaldet.
s-484
014658

- Situasjonen for Europautvalet og Stortinget er djupt utilfredsstillande, seier Dag Seierstad, som er EØS-rådgjevar for SV og truleg blant dei i Noreg som les aller mest av EU-rettsaktene.
s-485
014659

- Representantane har som regel ikkje hatt tid til å lese saksdokumenta.
s-486
014660
- Representantane har som regel ikkje hatt tid til å lese saksdokumenta.
Ofte kjem det ikkje eingong ein kommentar til rettsaktene frå EU på møtet.
s-487
014661
Ofte kjem det ikkje eingong ein kommentar til rettsaktene frå EU på møtet.
Skal ein kunne jobbe skikkeleg med desse sakene, må ein gå grundig inn i sjølve rettsakta.
s-488
014662
Skal ein kunne jobbe skikkeleg med desse sakene, må ein gå grundig inn i sjølve rettsakta.
- Stortinget skal vere den lovgjevande makta i Noreg.
s-489
014663
- Stortinget skal vere den lovgjevande makta i Noreg.
Men det er ikkje slik med EØS-avtalen?
s-490
014664
Men det er ikkje slik med EØS-avtalen?
- Konstitusjonelt er saka klar:
s-491
014665
- Konstitusjonelt er saka klar:
Stortinget er suverent, og det er ikkje norsk lov før det er gjort vedtak i Stortinget.
s-492
014666
Stortinget er suverent, og det er ikkje norsk lov før det er gjort vedtak i Stortinget.
Når EU-rettsaktene fører til lovendring, må Stortinget godkjenne dei.
s-493
014667
Når EU-rettsaktene fører til lovendring, må Stortinget godkjenne dei.
Men folkerettsleg er Noreg truleg bunde av vedtaka i EØS-komiteen, der Noreg møter saman med Island og Liechtenstein.
s-494
014668

Dette har aldri blitt sett på prøve, fordi stortingsfleirtalet alltid har godkjent lovendringane.
s-495
014669
Dette har aldri blitt sett på prøve, fordi stortingsfleirtalet alltid har godkjent lovendringane.
- Med ei slik enorm mengd dokument - er det fare for at viktige saker berre glir gjennom i Europautvalet utan at nokon merkar det?
s-497
014671

- Ja, det er det.
s-498
014672
- Ja, det er det.
Og det har skjedd.
s-499
014673
Og det har skjedd.
Det verste dømet eg kjem på, er ei rettsakt om europeiske selskap frå 2002.
s-500
014674
Det verste dømet eg kjem på, er ei rettsakt om europeiske selskap frå 2002.
Edit as list • Text view • Dependency trees