s-501
| I presentasjonen til det daverande EØS-utvalet såg saka uskuldig ut, men det var ho ikkje, seier Seierstad. |
s-502
| - To år etter handsaminga fastslo Arbeids- og administrasjonsdepartementet under Morten Meyer at direktivet var godt eigna til å «fråta eller nekte arbeidstakarane påverknad eller nekte dei slike rettar». |
s-503
| Eg vurderte sjølv denne saka for SV i 2002 og lét ho gå gjennom. |
s-504
| Det skulle eg ikkje gjort. |
s-505
| Truleg skjer det same med mange andre alvorlege saker. |
s-506
| - Har stortingsfolka resignert og slått seg til ro med at ting er som dei er? |
s-507
| - Eg tippar dei fleste stortingsrepresentantane ikkje er klare over korleis dette går føre seg. |
s-508
| Berre ei handfull er orienterte, og dei fleste er nok glade for å sleppe å vere med på det. |
s-509
| EØS er så ubehageleg for mange at di mindre ein snakkar om det, di betre er det. |
s-510
| Men det hender iblant at folk syng ut, påpeikar Seierstad. |
s-511
| - Haakon Blankenborg frå Ap gjorde det i 1996, da han var leiar for utanrikskomiteen. |
s-512
| Han sa i Stortinget at handsaminga av EØS-sakene i Stortinget var heilt uforsvarleg, og meinte det trongst mykje grundigare vurdering av konsekvensane av direktiva. |
s-513
| Men han fekk ikkje gehør i partiet sitt. |
s-514
| Sidan 90-åra har det likevel vore nokre framsteg, meiner Seierstad. |
s-515
| Møtereferata frå Europautvalet er ikkje lenger hemmelege, og presentasjonen av direktiva er noko meir forståeleg enn før. |
s-516
| - Det er litt lettare å vurdere kva direktiva inneber no, og vi får vite kva norske departement eller instansar som har vurdert dei før møta i utvalet. |
s-517
| Men da Stortinget handsama meldinga om Europa-politikken i fjor, vart det vedteke at fagkomiteane skal tidleg inn i handsaminga av dei rettsaktene som gjer at norsk lov må endrast. |
s-518
| Det punktet er ikkje sett i verk som det var meint, seier Dag Seierstad. |
s-519
| Frustrasjon på tinget |
s-520
| Det er eit ankepunkt som Ågot Valle deler - naturleg nok, sidan ho har Seierstad som rådgjevar. |
s-521
| Valle er SV-medlem i utanrikskomiteen og dermed i Europautvalet. |
s-522
| - Fagkomiteane på Stortinget må trekkjast meir inn i dette arbeidet. |
s-523
| Dei fleste sakene i Europautvalet har jo med arbeidsområda til ein eller fleire av komiteane å gjere. |
s-524
| Utanrikskomiteen har sagt at fagkomiteane må få betre arbeidsverkty og høve til å kalle inn til høyring tidlegare i prosessen. |
s-525
| No får dei like kort tid som Europautvalet til å setje seg inn i sakene. |
s-526
| Mange her på huset er frustrerte over at dette ikkje fungerer godt nok, seier Valle. |
s-527
| - Er Europautvalet berre eit sandpåstrøingsorgan? |
s-528
| - Ja, i alle fall i høve til kva det kunne vore. |
s-529
| UD har gjort nokre grep for at vi skal kunne følgje meir med, ved å varsle meir på førehand om kva som blir teke opp. |
s-530
| Og eg vil rose utanriksministeren for å vere flink til å orientere om saker som kjem opp i EU. |
s-531
| Men vi må få betre høve til å diskutere desse spørsmåla i det offentlege rommet - det er ein viktig del av demokratiet. |
s-532
| - Kor godt budde er eigentleg medlemene i Europautvalet til kvart møte? |
s-533
| - Eg vil ikkje kome med karakteristikkar om kor godt budde andre er. |
s-534
| Dei får svare for seg sjølve. |
s-535
| - I eit demokratiperspektiv: |
s-536
| Er dei norske prosedyrene for av handtering av EU-direktiva forsvarlege? |
s-537
| - Dei er betre enn dei var, men har stor potensial for betring. |
s-538
| Og når direktiva ikkje blir diskuterte i dei faste komiteane eller i det offentlege rommet, er det ei demokratisk utfordring. |
s-539
| - Som folkevald må det vere frustrerande å sjå så mange saker gli forbi utan ein sjanse til å setje seg ordentleg inn i dei? |
s-540
| - Det kan ein seie om veldig mange saker i politikken. |
s-541
| Men vi kjenner jo godt til dei store sakene som blir diskuterte i EU, som tenestedirektivet. |
s-542
| - Når rettsaktene frå EU blir så lite diskuterte i Noreg, er det vel òg fordi Noreg ikkje eigentleg kan påverke utforminga av dei? |
s-543
| - Vi er faktisk ikkje heilt makteslause her nord. |
s-544
| Om vi i Noreg har ein opplyst samtale om EU-saker, kan vi bidra til å styrkje dei kreftene i EU som vil det same som oss. |
s-545
| Mange i EU er uroa over situasjonen for faglege rettar, miljøstandardar eller helsestandardar. |
s-546
| Eg er ikkje av dei som seier at vi ikkje kan gjere noko. |
s-547
| Men EØS grip så mykje inn i sjølvråderetten at det er all grunn til å sjå grundig på korleis avtalen fungerer, seier Ågot Valle. |
s-548
| «Lyttar og nikkar» |
s-549
| Graden av frustrasjon blant representantane i Europautvalet varierer. |
s-550
| Og kanskje avheng frustrasjonen noko av standpunktet dei har til norsk EU-medlemskap. |
s-551
| I eit svar på e-post til Dag og Tid skriv til dømes utvalsmedlem Finn Martin Vallersnes, Høgre: |
s-552
| «Jeg mener disse rutinene er forsvarlige sett i et perspektiv om god saksbehandling. |
s-553
| Det forutsetter selvsagt at komiteene engasjerer seg på saker som krever det. |
s-554
| Det demokratiske problemet i dette er etter vår mening vår manglende deltakelse i det forberedende grunnlagsarbeidet med direktivene i Bruxelles. |
s-555
| Det problemet får en ikke løst så lenge vi er utenfor EU.» |
s-556
| Men kva med representant Dagfinn Høybråten frå KrF, som er mot EU-medlemskap og før EØS-avtalen? |
s-557
| I eit nyleg møte i Europautvalet kalla Høybråten utvalet for ein stad «der ein alltid lyttar og nikkar og strør sand eller lèt vere å strø sand». |
s-558
| - Det var uttrykk for ein frustrasjon over at sakene som blir tekne opp i utvalet, ofte kjem utan underlagsmateriale. |
s-559
| Vi får ikkje høve til å førebu oss skikkeleg, seier Høybråten. |
s-560
| Han opplever EØS-sakene svært annleis som stortingsrepresentant enn han gjorde som statsråd. |
s-561
| - Da eg vart stortingsrepresentant hausten 2005, møtte eg for første gong EØS-systemet frå stortingssida. |
s-562
| Eg opplevde at det var mykje frustrasjon over korleis sakene vart handsama, og det var langt mindre innsyn enn da eg såg dei frå regjeringssida. |
s-563
| Når vi på Stortinget får sakene presenterte, er det som regel anten for tidleg eller for seint til å kunne gjere noko med dei. |
s-564
| Sakene blir jo førebudde av regjeringa, som har langt større innsyn i innhaldet, seier Høybråten. |
s-565
| - I ei tid da Europaparlamentet blir stadig viktigare i EU, bør òg rolla til Stortinget oppgraderast i arbeidet med EØS-saker. |
s-566
| Eg trur Stortinget kan bidra meir enn i dag til å ta vare på Noregs interesser om vi blir meir involverte. |
s-567
| Handbok i sinnsro |
s-568
| Vil du slutte å uroe deg over ting som du uansett ikkje kan gjere noko med, kan du lese Epiktet. |
s-569
| Epiktet (50 - 130) var slave, men blei send i lære hos ein filosof då ein av herrane hans forstod at han var talentfull. |
s-570
| Stoikarane brydde seg ikkje om stand, i motsetnad til dei fleste andre lærdomsseta, og dermed var det her Epiktet hamna. |
s-571
| Han er seinare blitt ståande som ein av dei viktigaste tenkjarane i den stoiske tradisjonen, og Handbok i livskunst kom på norsk første gong i 1927, i Samlag-serien «Klassiske bokverk». |
s-572
| Jon Hellesnes har skrive innleiing til nyutgjevinga. |
s-573
| - Idealet hos stoikarane var å finne sinnsro gjennom å bli sjølvtilstrekkeleg - å trene opp den indre styrken til å godta alt som skjer, same kor forferdeleg det måtte vere. |
s-574
| Det høyrest nokså uoppnåeleg ut? |
s-575
| - Stoiske levereglar, slik dei kjem til uttrykk hos Epiktet, må forståast i sin kulturelle kontekst. |
s-576
| Dei gir ikkje utan vidare god meining i ein annan kultur enn den Epiktet høyrde til. |
s-577
| Dette var den romersk-hellenistiske kulturen under keisartida. |
s-578
| Makta blei despotisk i denne perioden, men ideen om fridom for den einskilde var blitt til og lét seg ikkje avoppfinne. |
s-579
| Den ytre ufridomen gjorde at ideen om fridom blei forstått på ein for oss merkeleg måte, nemleg som ein indre tilstand, og blei dermed noko individet kunne vinne for seg sjølv, gjennom meditasjon og trening. |
s-580
| Det inneber å gjere uavhengig av alt det ytre. |
s-581
| Det er slik ideen om å vere sjølvtilstrekkeleg - autark - må forståast, seier Hellesnes. |
s-582
| Apatheia |
s-583
| - Epiktet slår også tydeleg fast at ein ikkje skal bry seg om kva andre folk meiner, og at ein ikkje skal streve etter ære og anerkjenning. |
s-584
| Dette må vere sunne ideal i vår tid, der alt dreiar seg om å bli sedd, ha ein vellukka karriere og så bortetter? |
s-585
| - Eg likar ikkje termen «sunne ideal», men eg oppfattar den stoiske ideen om sjølvskaping som mindre idiotisk enn ideen om ein marknad for identitet og ideen om sjølvet som ei merkevare. |
s-586
| - Eit mål for stoikarane og for Epiktet var å oppnå apatheia, altså sinnsro eller sjelefred. |
s-587
| Ustabile emosjonar og begjær er ein uting hos Epiktet. |
s-588
| Det kan verke ein smule kjedeleg å oppnå fullkomen sinnsro? |
s-589
| - Dersom apatheia tyder fråvære av emosjonar, er det trøytte greier. |
s-590
| Men hos Seneca er det ikkje slik. |
s-591
| Epiktet er eg meir usikker på, i så måte. |
s-592
| Det er Seneca eg likar best av stoikarane i romartida. |
s-593
| Han var forresten epikurear også, det tyder at han henta teoretisk tilfang frå fleire retningar. |
s-594
| - Epiktet skriv: |
s-595
| «Kysser du barnet ditt eller kona di, så hugs: |
s-596
| Det er eit menneske eg kysser. |
s-597
| Døyr det, er sjela di like roleg.» |
s-598
| Dette kan ikkje vere noko å trå etter? |
s-599
| - Dette sitatet må nettopp forståast i lys av det å bli autark. |
s-600
| Å bli fri i ein ufri tilstand, i ei tid med undertrykking og ei mengd ukontrollerbare sjukdomar. |