Dependency Tree

Universal Dependencies - Norwegian - Nynorsk

LanguageNorwegian
ProjectNynorsk
Corpus Partdev

Select a sentence

Showing 401 - 500 of 1890 • previousnext

s-401 Men Marie Høeg var ikkje berre fotograf, ho var òg ein svært engasjert kvinneaktivist.
s-402 dei åtte åra ho budde i Horten skipa ho heile fire foreiningar.
s-403 fritida eksperimenterte ho med kjønnsroller og konvensjonar i atelieret saman med Bollette Berg.
s-404 Alvorleg leik
s-405 Den vesle samlinga med glasnegativ syner ei ung, sjølvsikker og lite høgtidleg kvinne, som prøver ulike roller.
s-406 Ho utfordrar konvensjonane og vil bryte ut av den rolla ho er sett i.
s-407 Ho leikar med identitetar, men i leiken sansar me òg eit alvor.
s-408 Ho kler seg ut som mann, i dress og jamvel underklede, ho kler seg ut som nasjonalhelt i selskinnspels, ho kler seg som kvinne, men poserer ukonvensjonelt og gjerne med både dram og sigarett.
s-409 Ho kler òg av seg som kvinne og syner seg sårbar.
s-410 Konservator ved Preus Museum, Hanne Holm-Johnsen, fortel om ei rørsle i tida.
s-411 - Kring år 1900 voks interessa for å flytte grenser og betre rettane til kvinnene.
s-412 Kvinnene ville ikkje lenger bli sette i bås, dei ville i større grad vere seg sjølve og bryte med forventningane.
s-413 - Kva slag rolle spelar fotografiet oppi dette?
s-414 - Fotografiet var ei ny og spontan kunstform som gjorde det lettare å eksperimentere.
s-415 Fotografiet hadde stor kraft, det kunne langt utover og bidra til å skape nye rollemodellar.
s-416 Ikkje berre endra det måten ein såg kvarandre , men også korleis ein såg seg sjølv.
s-417 Marie Høeg var ikkje åleine om å eksperimentere denne måten.
s-418 Rundt omkring i Europa og USA gjorde fleire kvinnelege kollegaer det same, somme jamvel i full offentlegheit.
s-419 Frances Benjamin Johnston (1864 - 1952) frå USA er vidgjeten for sjølvportrettet der ho sit framfor ein peis, karsleg, med godt synlege underskjørt, ein sigarett i den eine handa og eit ølkrus i den andre.
s-420 Også franske Claude Cahun (1894 - 1954) var oppteken av kjønnsroller og seksualitet i virket sitt.
s-421 - Var det mange kvinnelege fotografar same tid som Høeg?
s-422 - Ja, det var faktisk påfallande mange!
s-423 Det var eit stort overskot av kvinner, mange vart ikkje gifte og måtte dermed klare seg eiga hand.
s-424 Dei gjekk inn i relativt nye yrke som ikkje alt var mannsdominerte, mellom anna fotografering.
s-425 Dette vart rekna som eit passande kvinneyrke, fordi ein trudde at kvinner hadde større sans for iscenesetjing og kunst, og det var heller ikkje dyrt å etablere seg som fotograf.
s-426 At dei drog utanlands for å utdanne seg, var heller ikkje uvanleg.
s-427 Det kom òg mange utanlandske fotografar til Noreg, det var i det heile eit nokså internasjonalt miljø.
s-428 Selskapeleg diskusjon
s-429 Det var truleg i Finland at Marie Høeg vart engasjert i kvinnerørsla.
s-430 Ho lét engasjementet sitt smitte over kvinnene i Horten og mana til kvinnekamp ei tid da ideen om kvinnefrigjering vart mistenkt for å vere eit trugsmål mot eit sømeleg samfunn.
s-431 Mange trudde at kvinnefrigjering ville føre til ei nedvurdering av den gifte kvinna og dermed oppløysing av ekteskapet og grov umoral.
s-432 «Hvor Ægteskaberne aftager, der tiltager de løse Forbindelser og den unaturlige Utugt», skal presten Thorvald Klaveness frå Sandar i Vestfold ha sagt - i hortensavisa «Gjengangeren».
s-433 I 1896 skipa Marie Høeg Hortens selskabelige Diskussionsforening.
s-434 Ordet selskabelig vart lagt til namnet for å mildne uttrykket.
s-435 Innkallinga til det første møtet gjekk med bod, for at mennene i byen ikkje skulle bli provoserte.
s-436 Trass i ein viss skepsis stilte mange som førti kvinner det første møtet.
s-437 Føremålsparagrafen til foreininga vart lydande:
s-438 «Foreningens formål er at samle kvinder til diskussion om tidens spørgsmaal, særlig de, som angaar kvindens stilling.»
s-439 Foreininga eksisterer framleis, under namnet Hortens Diskusjonsforening, og er den eldste i landet i sitt slag.
s-440 Mellom føredragshaldarane opp gjennom åra finn me sterke kvinner som Gina Krog, Betzy Kjeldsberg, Hulda Garborg, Ella Ancher og Halldis Moren Vesaas.
s-441 Hortens selskabelige Diskussionsforening bidrog òg til skipinga av fleire andre organisasjonar, mellom anna Tuberkuloseforeningen (seinare Sanitetsforeningen), Horten Kvinneråd, Hjemmenes vel (seinare Horten Husmorlag) og Yrkeskvinneforeningen.
s-442 Marie Høeg såg røysteretten som den viktigaste saka i kvinnekampen.
s-443 Eit viktig føremål med diskusjonsforeininga var å førebu kvinnene å delta i den offentlege debatten.
s-444 I 1898 skipa ho Noregs første lokale ledd av Landskvinnestemmerettsforeningen, og mange av medlemene frå diskusjonsforeininga vart med over.
s-445 Særleg gjekk dei ugifte kvinnene i bresjen, kanskje fordi dei kjende sterkast konsekvensane av vantande rettar.
s-446 Men etter kvart som det vart meir akseptert å arbeide for røysterett for kvinner, kom også dei gifte kvinnene til.
s-447 Høeg og Nansen
s-448 I 1896 kom Fridtjof Nansen heim frå polferda si.
s-449 Han vart teken imot som ein helt, han vart eit symbol for nasjonen, eit verkeleg ideal.
s-450 Lite ante dei som hylla Fridtjof Nansen, at ein ung, kvinneleg fotograf i Horten var ein av pionerane for ei rørsle som skulle endre samfunnet meir enn noka polarferd ville gjere.
s-451 Medan Nansen hadde heile nasjonen bak seg, hadde Høeg store delar av nasjonen mot seg.
s-452 Kvinnekampen har vart i over hundre år og går føre seg framleis, medan Nansens ferd i isen varde i tre.
s-453 I 1903 flytta Marie Høeg og Bollette Berg til Kristiania, der dei starta eige kunstforlag.
s-454 Byen dei forlét, hadde gjennomgått store endringar.
s-455 Ein kan dra linjer frå Marie Høeg og fram til kvinnefrigjeringa for alvor tok til i 20-åra, og vidare til 70-åra og fram til i dag.
s-456 Fotografisk går det linjer mot ein praksis som kvinnelege kunstnarar etter kvart har flytta til det offentlege rommet.
s-457 Marie Høeg var ei engasjert kvinne heile livet.
s-458 Ho hadde pågangsmot, energi og organisasjonstalent.
s-459 Ho var både eldsjel og kulturspreiar.
s-460 Marie Høegs liv og virke har naturleg nok vekt interesse i fleire krinsar.
s-461 Tidlegare i år ferdigstilte studierektor Brit Stuksrud ein doktorgrad med tittelen Kvinnestemmeretten i Horten og de andre vestfoldbyene.
s-462 Mediedekning og organisasjonsarbeid.
s-463 Sølvi Bennett Moen har skrive hovudoppgåva Iscenesettelse og lek med kjønnsidentitet i norsk fotografi omkring 1900, med utgangspunkt i bileta av Marie Høeg.
s-464 Aslaug Moksnes har til og med skrive bok om henne.
s-465 Ikkje minst har Marie Høeg og Bollette Berg vekt interesse i lesbiske og homofile miljø, for det over femti år lange sambuarskapet deira.
s-466 Strør sand EUs lover
s-467 «Folket udøver den lovgivende Magt ved Storthinget», heiter det i Grunnlova.
s-468 Men i 1814 hadde ingen høyrt om EØS-avtalen.
s-469 Og det avmektige Europautvalet var ikkje påtenkt.
s-470 I demokratiet Noreg skal lover i prinsippet vedtakast av dei folkevalde Stortinget.
s-471 Men som dei fleste Dag og Tid-lesarar vel veit:
s-472 I praksis kjem ein god del av lovgjevinga i Noreg i dag frå EU.
s-473 Dei fleste rettsakter som EU vedtek, kjem ufiltrerte inn i norsk lov- og regelverk takk vere EØS-avtalen.
s-474 Frå avtalen tok til å gjelde i 1994 til juni 2007 gjekk 5700 rettsakter frå EU inn i avtalen, opplyser Utanriksdepartementet.
s-475 Men sjølv om Noreg ikkje påverkar utforminga av rettsaktene frå EU, skal likevel Stortinget kunne ha eit ord med i laget - i teorien.
s-476 For alle rettsaktene frå EU skal leggjast fram møte i det såkalla Europautvalet, tidlegare kalla EØS-utvalet.
s-477 Her sit mange tunge stortingsfolk frå utanrikskomiteen, med høve til å slå alarm om det kjem uakseptable direktiv frå EU.
s-478 Men i praksis er utvalsmedlemene stort sett stille som mus.
s-479 det vere slik?
s-480 Tidsklemma
s-481 Ein enkel grunn til at Europautvalet gjer lite av seg, er den knappe tida dei har til å setje seg inn i sakene.
s-482 Dei får innkalling og sakliste ei knapp veke før kvart møte.
s-483 Og til kvart møte kjem ein svær bunke med nye rettsakter frå EU, iblant meir enn femti i talet, somme av dei svært kompliserte.
s-484 Rettsaktene kjem med korte presentasjonar frå den norske regjeringa, men desse er korte at ein ikkje blir særleg klok innhaldet.
s-485 - Situasjonen for Europautvalet og Stortinget er djupt utilfredsstillande, seier Dag Seierstad, som er EØS-rådgjevar for SV og truleg blant dei i Noreg som les aller mest av EU-rettsaktene.
s-486 - Representantane har som regel ikkje hatt tid til å lese saksdokumenta.
s-487 Ofte kjem det ikkje eingong ein kommentar til rettsaktene frå EU møtet.
s-488 Skal ein kunne jobbe skikkeleg med desse sakene, ein grundig inn i sjølve rettsakta.
s-489 - Stortinget skal vere den lovgjevande makta i Noreg.
s-490 Men det er ikkje slik med EØS-avtalen?
s-491 - Konstitusjonelt er saka klar:
s-492 Stortinget er suverent, og det er ikkje norsk lov før det er gjort vedtak i Stortinget.
s-493 Når EU-rettsaktene fører til lovendring, Stortinget godkjenne dei.
s-494 Men folkerettsleg er Noreg truleg bunde av vedtaka i EØS-komiteen, der Noreg møter saman med Island og Liechtenstein.
s-495 Dette har aldri blitt sett prøve, fordi stortingsfleirtalet alltid har godkjent lovendringane.
s-496 - Uforsvarleg
s-497 - Med ei slik enorm mengd dokument - er det fare for at viktige saker berre glir gjennom i Europautvalet utan at nokon merkar det?
s-498 - Ja, det er det.
s-499 Og det har skjedd.
s-500 Det verste dømet eg kjem , er ei rettsakt om europeiske selskap frå 2002.

Text viewDownload CoNNL-U