Dependency Tree

Universal Dependencies - Norwegian - Nynorsk

LanguageNorwegian
ProjectNynorsk
Corpus Partdev
AnnotationØvrelid, Lilja; Jørgensen, Fredrik; Hohle, Petter; Dale, Ingerid Løyning; Solberg, Per Erik; Kåsen, Andre

Select a sentence

Showing 1 - 100 of 1890 • previousnext

s-1 Eg lagar ofte wraps, det er enkel og lettvint mat som er lett å variere.
s-2 Dei grove variantane er fiberrike og gjev meg godt helsesamvit toppen.
s-3 I dag har eg fylt dei med steikt kyllingkjøtdeig.
s-4 Kyllingkjøtdeig er ofte tilbod, og er proteinrik og god mat.
s-5 Supplert med salatgrønsaker og anna moro vert dette godt både som eit mellommåltid og som matpakke.
s-6 Slik gjer eg det:
s-7 Fylt grov wrap med kyllingkjøtdeig
s-8 4 grove tortillalefser
s-9 8 salatblad, eg brukte hjertesalat
s-10 2 tomatar
s-11 4 ss italiensk salat eller coleslaw
s-12 Ein avocado
s-13 Ein pakke kyllingkjøtdeig
s-14 ½ ts tørka timian
s-15 Salt og peppar
s-16 Smør til steiking
s-17 Varm opp steikepanna, og ha i smør.
s-18 Ha i kyllingkjøtdeigen, og steik den gyllen.
s-19 Dryss i lita teskei salt og ei klype nykverna peppar medan du delar opp kjøtdeigen i små bitar med ein steikespade.
s-20 Knus timian mellom fingrane, og dryss over.
s-21 Hell kjøtdeigen ein tallerken, og la den kolne.
s-22 Legg salatblada tortillalefsa slik at det er ca. 5 cm att utan salatblad nederst lefsa.
s-23 Dette stykket skal brettast opp etterpå.
s-24 Legg coleslaw eller italiensk salat, tomatskiver delt i to og båtar av avocado.
s-25 Har du friske urter, dryss litt av det og.
s-26 Fordel kyllingkjøtdeigen over fyllet, brett opp den nederste delen av lefsa og brett til slutt opp sidene.
s-27 Når eg sender dette med i matpakken brukar eg ein gummistrikk rundt lefsa, og rullar eg heile wrapen inn i matpapir og snurrar att oppe slik at fyllet ikkje dett ut.
s-28 Dette har eg lært av søstra mi, og det er heilt genialt.
s-29 Wrapsen vert mykje enklare å halde styr med ein gummistrikk.
s-30 Legg med ein serviett.
s-31 God helg!
s-32 Vårt daglege brød
s-33 No er kvardagane her igjen, alle har komt heim frå ferie og matpakken smørast som før.
s-34 er det viktig å ha eit godt brød å smøre matpakke av.
s-35 Når eg skal lage matpakkar likar eg å ha skorpe rundt heile brødet, ganske enkelt fordi held det seg nokolunde plass.
s-36 Det får eg når eg bakar brødet i former.
s-37 Eg vaks opp med fire brød sett saman i ei langpanne, og når ein bakar seksten brød i slengen, som mor mi gjorde, fungerer det greitt.
s-38 Men eg held meg til tre om gongen, og har eg tre former som passar perfekt inn i omnen min side om side.
s-39 Å lage brød er noko som passar fint å gjere ein dag ein held med andre ting i huset.
s-40 Arbeidsprosessane er ikkje store, men dei gjerast med ca. ein times mellomrom, ein har god tid til å fikse alt frå klesvask til loftsrydding medan brøda hevar.
s-41 Eg brukar klokkealarmen komfyren for å minne meg om når neste operasjon er.
s-42 Viss ikkje gløymer eg kva eg eigentleg held med, og kjem eg tilbake til kjøkkenet etter eitt par timar, og møter ein brøddeig som er veg ut døra.
s-43 Utfordringa er at brød held seg ikkje ferske lenge.
s-44 Dei vert tørre og kjedelege altfor fort.
s-45 Mitt tips viss du bakar tre brød er å dele dei i to, og fryse ned fem halve brød.
s-46 kan du ta opp eit nytt halvt brød kvar kveld, og har du ferskt brød til morgonen etter.
s-47 Men har ikkje du brødbakemaskin, tenker du kanskje.
s-48 Jaudå, eg har det, og den vert brukt rett som det er.
s-49 Men den fungerer ikkje godt til matpakkebrød, for nysteikt brød om morgonen vert for ferskt til å skjere til brødskiver.
s-50 Og om kvelden har eg ein tendens til å gløyme å sette den , og står vi der utan brød om morgonen.
s-51 nokre brød i frysaren er gull å ha.
s-52 Oppskrifta mi er basert ei mengd med mjøl og ei mengd med væte per brød.
s-53 kan du lett gange den opp om du vil bake fleire, eller bake berre eitt om du vil det.
s-54 Eg tek utgangspunkt i ein halv liter væte eller mauk til kvart brød.
s-55 Bruk gjerne mjølkeprodukt som har gått ut dato når du bakar brød.
s-56 Det einaste eg styrer unna er mugg, elles går alt i brøda.
s-57 Eg lagde nokre nydelege brød for ei stund sidan der eg hadde ein halv liter mangoyoghurt i deigvæska, rømme og kesam kan også brukast.
s-58 Fordelinga mellom grovt og fint mjøl er litt etter smak og behag.
s-59 Grove brød er sunt, men små barn bør ikkje for grovt brød.
s-60 Dei vert for fort mette, og får ikkje i seg nok energi.
s-61 Eg brukar som regel halvparten grovt og halvparten fint.
s-62 Og for at det skal fort og radig har eg ferdigblanda grovt mjøl i ein trelitersboks, og kveitemjøl i ein annan.
s-63 Eg brukar å blande grovbakstmjøl med fin sammalt, men her kan du lage di eiga blanding som du syns er god.
s-64 Eg likar og å ha frø i deigen, og her og har eg laga ei ferdig blanding med linfrø, solsikkefrø og sesamfrø, som gir god smak.
s-65 Ulikt mjøl har ulikt eige væteinnhald.
s-66 Det gjer at det tek opp ulik mengde deigvæske.
s-67 Difor er det lurt å halde attende litt kveitemjøl, slik at du kan justere kor fast deigen er slutten av eltinga.
s-68 Deigen ikkje vere for fast, vert brøda tunge og kjedelege.
s-69 Gjær til, og sjølv om fersk gjær er det beste brukar eg vel ofte tørrgjær.
s-70 Det tek litt lenger tid å heve ein deig tørrgjær, men er du tolmodig får du eit like godt resultat.
s-71 Slik gjer eg det:
s-72 Grovbrød
s-73 50 g gjær eller 1 pakke tørrgjær
s-74 1,5 liter deigvæske
s-75 200 g kveitekli
s-76 250 g grov, sammalt rug
s-77 500 g grov sammalt kveite
s-78 ca. 1-1,2 kg kveitemjøl
s-79 Lunk væska, og løys opp gjæra i det.
s-80 Brukar du tørrgjær bland gjæra i mjølet.
s-81 Ha væska i bakebollen, og elt inn alt det grove mjølet først, og har du i kveitemjøl til deigen er passe fast.
s-82 Det kan hende du treng litt meir eller litt mindre kveitemjøl, det kjem an kvaliteten mjølet.
s-83 La deigen heve til dobbel storleik, ca. ein time.
s-84 Del deigen i tre og form brøda.
s-85 Smør formene dine med matolje, og legg i eit og eit brød.
s-86 Set omnen 200 grader.
s-87 La brøda etterheve godt, minst ein time til.
s-88 Dusj dei med vatn, eller hell ein kopp vatn inn i steikeomnen, for å skape damp.
s-89 Det gjer skorpa sprø og fin.
s-90 Steik brøda i 40-45 minutt til dei er ferdige.
s-91 Når dei er gjennomsteikte har dei ein hol lyd viss du bankar dei.
s-92 La brøda kolne rist.
s-93 Det enklaste...
s-94 ... Er ofte det beste.
s-95 Hos meg får du ofte idéar til enkel mat, og denne veka er ikkje noko unntak.
s-96 I dag grilla vi kyllingbryst, enkelt og greitt.
s-97 Kunsten er å ikkje bruke for høg varme, slik at maten vert svidd før den er gjennomsteikt.
s-98 Kylling bør vere gjennomsteikt, for det kan vere skumle bakteriar i kylling som ein helst ikkje vil ha i seg.
s-99 Vert gjestane utolmodige, legg heller ein gjeng med pølser grillen, slik at dei får seg det vi i vår familie kallar ei ventepølse.
s-100 Til kyllingen serverer eg ein salat der eg kombinerer pasta og bakte grønsaker.

Text viewDownload CoNNL-U