Dependency Tree

Universal Dependencies - Norwegian - Nynorsk

LanguageNorwegian
ProjectNynorsk
Corpus Parttrain

Select a sentence

Showing 1 - 100 of 14174 • previousnext

s-1 Nokre refleksjonar vegen, om Paulus og ' worldviews '
s-2 Eg var bibeltime i går, Misjonshuset.
s-3 Det var veldig triveleg, og vi fekk også god kake etterpå.
s-4 Min gode ven Kjell Arne heldt bibeltime over kolossarbrevet, og eg sat og høyrde medan eg las i mitt nye testamente.
s-5 Det er eigentleg veldig spennande å lese Kol no som eg har liksom utvikla meg og gått mange rundar andre område, i forståing av GT, historisk-kritikk, kristen filosofi i antikken etc. etc
s-6 Eg les Paulus litt andre måtar.
s-7 Litt meir grundig og undersøkande; korleis er det eigentleg han argumenterer her?
s-8 Kva grunnar har han for det han seier?
s-9 Litt meir ' sosiologisk '; korleis ville det vere for kolossarane å motta dette brevet?
s-10 Kan eg sjå for meg dei gresk-romerske gatene, handelstorga, klubbane etc. - og Paulus som sit og skriv?
s-11 Litt meir ' breitt ', reint filosofisk; korleis plasserer Paulus seg intellektuelt sett i møte med den gresk-romerske (pluralistiske) røyndomsforståinga?
s-12 Kan vi lære av dette, i vår tid?
s-13 Ok, eg ser ting som eg tidlegare ikkje har sett, fordi eg har fått ein breiare innfallsvinkel her.
s-14 Det er veldig spennande.
s-15 Det eg særleg tenkte i går, medan eg sat og tygde teksten under talen, var korleis Paulus, hm, også her ser ut til å vere aktivt kontekstuell.
s-16 Altså, som ung og konservativ lågkyrkjeleg kristen, har ein eit litt enkelt syn Paulus' brev.
s-17 Dei er litt som 'lærebrev,' som presenterer guddomeleg openberring, som er ' proposisjonelt ' forstått, litt som læresetningar.
s-18 Når ein les meir, får ein eit meir nyansert syn ting, ikkje sant.
s-19 Ein uansett byrje ein eller annan stad, i si opplæring i desse tinga.
s-20 Uansett, poenget er at Paulus er ein langt meir subtil og djup forkynnar enn vi gjerne tenker.
s-21 Og dersom vi forstår dette, vil også samanhengen med apologetane i oldkyrkja bli mindre, mistenker eg.
s-22 Nei, altså eg tenker dette at ... vel ... når ein studerer Paulus' brev nærare, ser ein at ingen av dei er ' generelle ' brev av typen:
s-23 'Hei, eg tenkte berre å sende dykk litt generell lære og formaning, slik at de kan halde fast trua.'
s-24 Slik generell lære og formaning har dei allereie fått i katekesen.
s-25 Dei naturlegvis minnast om ting, men poenget er at breva til Paulus tek opp konkrete ting, situasjonar, problem.
s-26 Romarbrevet er ikkje - slik eg lærte tidleg i mitt studium - ein slags 'dogmatisk grunnpresentasjon av Paulus' evangelium' (som i fall skulle understøtte ei antatt korrekt lesing av Paulus' som ein forkynnar av 'lov og evangelium' i klassisk luthersk forstand).
s-27 Romarbrevet tek opp konkret, historisk problematikk ang. jødar og heidningar, i Roma, 50-talet - basis av det jødisk-kristne livssynets ressursar.
s-28 Dette er obviously ganske interessant, fleire måtar.
s-29 Kva er ' kjernen ', eller sentrum, i urkyrkjeleg kristendom?
s-30 Dette kan ein ikkje berre rekonstruere, eller lese, ut frå Romarbrevet.
s-31 Ein langt breiare til verks.
s-32 Men uansett, det var eit litt anna poeng eg hadde her.
s-33 For Paulus er ein ganske ' slu ' (i positiv forstand) forkynnar, altså.
s-34 I 1 Kor tek han villig i bruk termer og uttrykk frå antikk filosofi, for å forkynne Kristus (til dømes: 'Eg har lov til alt' etc)
s-35 I Fil tek han villig i bruk termer frå keisarpropaganda for å skildre Kristus.
s-36 Kristus er den ekte keisaren, Guds rike er det ekte romarriket, å seie ('Vi har vår borgarrett i himmelen, derifrå ventar vi Herren Jesus som frelsar').
s-37 Altså:
s-38 Aktiv 'kontekstualisering.'
s-39 I Rom tek han villig i bruk termer og uttrykk frå jødiske skrifter, for sjølv å understreke at alle jødar er under synd.
s-40 Klarast er det naturlegvis i Apg 17, der han tek i bruk heidensk dikting og filosofi i sjølve evangelieforkynninga(!)
s-41 Og Kol?
s-42 Hm.
s-43 Jo, altså.
s-44 Det var der eg fekk litt aha-opplevingar.
s-45 For problemet i Kolossæ hadde å gjere med framande religiøse impulsar, kan ein seie.
s-46 Krefter, ånder, sjølvpining, verdas grunnkrefter, matforskrifter etc. etc
s-47 Det er vanskeleg spore bakgrunnen for desse tinga nøyaktig, men det er nok ei blanding av hellenistiske mysteriereligionar, jødisk folkereligion, gresk-romersk polyteisme, grunnleggjande overtru etc
s-48 Vel, ja - det eg sat og tenkte , og som eg evt. undersøke nærare i Barths framifrå Anchor-kommentar, er korleis Paulus aktivt brukar ord her, som han ikkje gjer andre stader i sitt korpus.
s-49 Ta til dømes dette dømet:
s-50 'Guds fylde bur lekamleg i Kristus.'
s-51 Guds ' pleroma ', seier Paulus.
s-52 Dette var eit svært mykje brukt uttrykk i samtidige mysteriereligionar, gnostiske retningar etc
s-53 Det siktar til 'fylden av guddomelege krefter.'
s-54 Og det verkar svært nærliggjande å seie at Paulus her driv med aktiv apologetikk og kontekstualisering av evangeliet.
s-55 Kolossarane kjente til ulike guddomelege krefter, og kjende til 'pleroma.'
s-56 (Ireneus, i sin Adv Haer, skriv jo veldig mykje om dette, når han skildrar gnostiske system).
s-57 Og Paulus seier her:
s-58 Heile pleromaet bur i Kristus.
s-59 Altså:
s-60 Vend dykk bort frå ' røkla ' av system, mysterier etc., og vend heller om til Kristus.
s-61 Det som de leitar etter, og er opptekne av, det er å finne i Kristus.
s-62 Dette er Paulus' bodskap, ser det ut til.
s-63 Og det er jo verkeleg interessant, sånn religionsfilosofisk.
s-64 Har Paulus ' lov ' til å seie noko slikt, liksom?
s-65 Korleis kan han gjere det?
s-66 Kan han anerkjenne heidenske religiøse lengslar som legitime - og 'sanne langt det rekk' - denne måten?
s-67 (Hm, ja, altså, dersom eg tolkar Paulus rett her, som eg trur.)
s-68 Det same kan seiast om liknande uttrykk som ein finn i Kol, men ikkje andre stader, mykje.
s-69 Ta omgrep som visdom (' sofia '), eller 'makter og myndigheiter' ('exousiai kai archai') eller løyndom (' mysterion ').
s-70 Dette er jo veldig sentrale uttrykk i gresk-romersk religion i ulike typar.
s-71 Men Paulus tek dei i bruk der han kan; han kan seie at element i gresk-romersk religion sett og vis antisiperer evangeliet (her er ein link til apologetane!) og at 'det de tilbed utan å kjenne det, forkynner eg dykk.'
s-72 Dette er langt meir enn Karl Barths ' nein ' til å finne noko ' tilknytningspunkt ' mellom evangeliet og annan religiøsitet og filosofi.
s-73 Altså:
s-74 Alle skattar av visdom og kunnskap ('sofia kai gnosis(!)') er å finne i Kristus.
s-75 Eller:
s-76 Alle maktene og myndigheitene er 'skapt av, ved, til Kristus,' altså vert dei 'sett sin rette stad' (ikkje ulikt Rom 13, der Paulus understrekar at myndigheiter er 'Guds tenarar').
s-77 Men det er verkeleg ein link her, mellom det heidenske og evangeliet - ein link som ligg i skapinga (absolutt alle ting er skapt av Gud - her er kimen til Augustins understreking av vondskap som ' privation '), og også forsoninga (alle ting har vorte forsona med Gud ved Kristi blod, også maktene og myndigheitene!).
s-78 Vidare:
s-79 Den verkeleg viktige og sentrale ' løyndomen ' (mysterion) er Kristus og evangeliet om han (som altså ikkje skal snevrast inn til 'lov og evangelium,' som de skjønar - og i alle fall ikkje til 'lov og evangelium' av reformatorisk type, sjølv om det også er mykje godt å hente her).
s-80 det mysteriet kolossarane framfor alt treng - det som verkeleg oppfyller deira religiøse streben, er evangeliet om Jesus Messias.
s-81 Hm, dette er veldig interessant, fordi det har konsekvenser for korleis vi tenker om samanhengen mellom kristendom og filosofi.
s-82 For Paulus glir desse til dels over i kvarandre, og slik var det for dei fleste i oldkyrkja(!), sjølv om det her finst mange ulike variasjonar mellom - sei - ein Tertullian og ein Klemens av Alexandria.
s-83 Poenget er uansett at ein ikkje skjelna tydeleg mellom teologi og filosofi, det fanst berre éin udelt visdom, å seie.
s-84 Dette er eit poeng Milbank - via de Lubacs studiar av oldkyrkja - har understreka nøye, og inkorporert i heile sin Radical Orthodoxy-approach (og det er eit poeng som får heilt handgripelege konsekvenser for eventuell politisk teologi, der det i fall ikkje finst nokon 'sjølvopphaldande sekulær moral- og rasjonalitetssfære!)
s-85 Men ja, det er interessant.
s-86 For studerer ein Paulus nøye, i hans apologetiske og kontekstuelle forkynning, kan han altså vurdere heidenske ting positivt, medan andre ting kan han sterkt imot ('han vart oppaust i hugen han såg dei mange avgudsbileta' etc)
s-87 Generelt sett er hor, mord og avgudsdyrking dei verste synder, frå jødisk standpunkt.
s-88 Han anerkjenner det positive og skapingsmessige i heidensk gudsliv og religiøsitet, og seier at det er evangeliet - Kristus - som oppfyller desse lengslane og dette livet!
s-89 Nett slik mange apologetar i oldkyrkja ville seie at Kristus oppfyller pdes. Moselova og pdas. Sokrates' filosofi.
s-90 Men ' normen ', å seie, i denne prosessen, er eit kristologisk tolka gamle testamente.
s-91 Det er dette - og framfor alt Jesus sjølv, som Herre - som avgjer kva som kan bevarast og kva som forkastast i dei ulike kontekstar som evangeliet går inn i.
s-92 Likevel; det skjer eit aktivt møte, å seie, der evangeliet kjem kulturen i møte, og båe blir noko forvandla av det.
s-93 Det gamle blir rett og slett ikkje heilt forkasta, men blir heller dels forkasta og dels oppfylt.
s-94 Og dette dreier seg altså ikkje berre om GT og det jødiske, men også om filosofi og heidensk religiøsitet!
s-95 Dette vert 'teke opp' i det kristne livssynet som noko som er ein del av skapinga - og det kan ' forsonast ' i kraft av Jesu blod.
s-96 (Incidentally er dette ein måte å tenke som ikkje går heilt greitt overeins med den litt ' vulgærlutherske ' insisteringa at ein berre attende til urkristendomen, at ein berre attende til NT, har ein alt ein treng.
s-97 Kan det heller tenkast at når evangeliet går ut i verda - som Paulus seier i Kol: 'det veks og ber frukt' - skjer det ein ' irredusibel ' vekstprosess der evangeliet forsonar og inkorporerer nye element som Gud har skapt?
s-98 Og:
s-99 At NT sjølv er ein del av denne vekstprosessen??
s-100 Korleis skal dette i fall samantenkast med Vat II sine tankar om ein 'levande tradisjon,' eller JH Newmans tankar om at tradisjonen og trua ikkje er breiast der elva byrjar, men heller seinare, der elva er breiast?

Text viewDownload CoNNL-U