s-301
| No har Pycroft droppa ut av skulen og driv organisasjonen på heiltid. |
s-302
| Han er vorten svært populær i England. |
s-303
| På spørsmål frå The Guardian om han ikkje ser at det Stein har gjort med apene sine, er forferdeleg, svarar guten slik: |
s-304
| «Det er naudsynt. |
s-305
| Lidinga til nokre få dyr kan auka livskvaliteten til tusenvis av menneske. |
s-306
| Eg meiner det er heilt rettferdiggjort, særleg sett i ljos av at dei er odla fram for dyreforsking og ikkje er ville aper.» |
s-307
| Det er vel ikkje naudsynt å seia at Stein er svært glad i Pycroft. |
s-308
| - Eg kan ikkje seia anna enn at Aziz og eg meiner han er ein helt. |
s-309
| Her kom den gåverike guten på ei tilfelleleg vitjing til Oxford og såg denne demonstrasjonen, og han byrja å ropa at «det er det reine tøv de held på med!» |
s-310
| For eit mot. |
s-311
| Takk vere han veit vi no at det er utruleg mange menneske der ute som stør oss og som vil læra meir om det vi held på med. |
s-312
| No har òg stemninga ved Steins eiga avdeling endra seg til det betre. |
s-313
| - Då Aziz og eg sette oss føre å gå ope ut, var vi lite populære. |
s-314
| Ein kollega sende ut eit e-brev der det stod at vi var farlege og sette familiane til kollegaer i fare. |
s-315
| Men då dei såg at vi lukkast og at opinionen byrja å verta mot desse aktivistane, snudde stemninga. |
s-316
| Vi får no mykje stønad. |
s-317
| Sluttappell |
s-318
| Til slutt har eg lova Stein å beda om pengar. |
s-319
| Han har aldri hatt problem med å finansiera forskinga på Parkinsons, ei liding få menneske vil verta utsette for. |
s-320
| Men dysleksiforskinga vantar pengar, og det endå om ti prosent av folkesetnaden lid av det. |
s-321
| Om nokon kjenner nokon som vil gje pengar eller sjølv vil gje pengar: |
s-322
| Gå inn på internett og søk på « Dyslexia Research Trust » . |
s-323
| Der finn de eit kontonummer. |
s-324
| Og hugsa å taka tran og selolje. |
s-325
| Om vi skal tru Stein, aukar det intelligensen og hjelper mot dysleksi og ei rad andre lidingar. |
s-326
| Den ideelle trusten som fekk mest pengar i fjor frå den britiske folkesetnaden, var ein som vil gje aper eit betre liv, kunne The Guardian fortelja for tre veker sidan. |
s-327
| Solnedgang for oljealderen |
s-328
| Somme søkjer tilflukt i etanol og biodiesel. |
s-329
| Andre drøymer om hydrogen. |
s-330
| Men dei som trur ein kan halde oppe dagens aktivitet med slike middel, har ikkje spurt naturlovene om kva som er mogleg, skriv Erik Solheim. |
s-331
| Prisen på råolje er seks gonger så høg som for seks år sidan. |
s-332
| I eit intervju med det tyske tidsskriftet Internationale Politik varsla nyleg sjefsøkonom Faith Birol i Det internasjonale energibyrået (IEA) at vi må vere budde på svært knappe og turbulente oljeforsyningar framover, og høge prisar. |
s-333
| World Energy Outlook, den årlege publikasjonen frå IEA, spår i 2007-utgåva at oljeutvinninga kan falle med rundt 4 prosent i året. |
s-334
| Det er ikkje meir enn eit par år sidan IEA avviste alt snakk om nokon topp i oljeutvinninga før bortimot 2030. |
s-335
| No er dei altså komne på sterkt reviderte tankar. |
s-336
| Stadig meir fakta tilseier at verda står på kanten av eit enormt energiproblem som ingen har noka løysing på. |
s-337
| Hubberts Peak |
s-338
| Marion King Hubbert var namnet på ein amerikansk oljegeolog som i 1950-åra vart skubba ut av det gode selskapet fordi han hevda at oljeproduksjonen i USA ville nå toppen i 1970. |
s-339
| Det King Hubbert gjorde, var å studere ei rekkje oljebrunnar med statistiske metodar. |
s-340
| Han kom til at frå starten stig utvinninga frå eit felt kvart år til dess halvparten av reservane er tømde. |
s-341
| Etter ein platåfase fell så produksjonen, først raskt og så seinare. |
s-342
| Toppen går no under namnet « Hubberts Peak » . |
s-343
| USA nådde toppen av den innanlandske utvinninga nettopp i 1970, som Hubbert hadde hevda. |
s-344
| Det har nesten gått mange hus forbi at på norsk sokkel kulminerte oljetappinga i 2000 og har etter det falle over 30 prosent. |
s-345
| Sjølv det optimistiske Oljedirektoratet har ikkje anna å by enn kurver som peikar bratt nedover. |
s-346
| Russland fekk nedgang etter 1987, men har rett nok henta ut meir igjen dei siste åra. |
s-347
| For Midtausten er prognosen nedgang frå 2015. |
s-348
| Om utviklinga er usikker i detalj - gapet mellom ein veksande etterspurnad og tilgangen på olje er i vekst. |
s-349
| Leitesjefen |
s-350
| Colin Campbell kom til Stavanger som leitesjef for Amoco i 1980. |
s-351
| No leitar den pensjonerte oljegeologen etter personar som vil høyre kva «Hubberts peak» har å seie om tilgangen på olje i verda. |
s-352
| Dei verkeleg store felta var oppdaga før 1970. |
s-353
| Etter 1981 har verda kvart år brent opp meir olje enn det som er oppdaga i nye kjelder. |
s-354
| Colin Campbell møtte oppfatningar som minner om stemninga då glasa velta i salongane på Titanic: |
s-355
| Skipet kan ikkje søkke. |
s-356
| I 2000 fekk Campbell ideen til organisasjonen ASPO (Association for the study of Peak Oil and Gas), eit nettverk av geologar, økonomar og andre fagfolk som arbeider med å spreie opplysningar om at verda står framfor ei dramatisk endring når etterspurnaden blir større enn tilgangen på olje. |
s-357
| Fleire meiner dette punktet alt er passert. |
s-358
| I alle år har vi fått høyre at med dagens forbruk er det olje nok for mange tiår. |
s-359
| Dette har vore konsekvent misvisande fordi «dagens forbruk» var passert dagen etter. |
s-360
| Uttaket steig, og spåkonene måtte bomme. |
s-361
| Børsøkonomane har alltid hatt vanskar med å tenkje seg at det kan bli knapt med råvarer, og dei har ført lite innsikt til saka. |
s-362
| Lenge kom det stadig meldingar om nye funn, og det var lett å slå seg til ro med at slik ville det halde fram. |
s-363
| Men det er altså 27 år sidan forbrukskurva tok farvel med kurva over nye funn. |
s-364
| For tida fyrer verda av 3 - 4 gonger så mykje konvensjonell olje som ivrige geologar greier å oppdage i nye felt. |
s-365
| Kurva over oljealderen kan kome til å minne om ei flaggstong på flat mark. |
s-366
| Raskt opp og raskt ned. |
s-367
| Freistinga har sjølvsagt vore stor. |
s-368
| Olje er ei eineståande energikjelde. |
s-369
| Konsentrert, ufarleg, lett å transportere og brukande til mykje. |
s-370
| Vår eksploderande økonomi går på eksplosjonsmotorar, og dei går alle på olje. |
s-371
| Kolet dreiv den første storindustrien, dei første toga og dampskipa. |
s-372
| Det vart mogleg å kombinere industriell vareproduksjon med handel i stor stil, ei kopling som skapte enorme rikdomar. |
s-373
| Etter kvart tok oljen over det meste av transporten. |
s-374
| Kolet dreiv industrialiseringa, oljen driv globaliseringa. |
s-375
| Som stasjonær drivkraft er mange energiformer brukande, men til dagens tempo og volum i transporten av varer og personar har vi i realiteten ikkje noko alternativ til olje. |
s-376
| Ikkje i mengder som monar. |
s-377
| Konsentrert solenergi |
s-378
| Med unnatak for nokre avgrensa reservar av radioaktive stoff får jorda all tilgjengeleg energi frå sola. |
s-379
| Oljen er solenergi som er samla gjennom millionar av år, og uhyre konsentrert. |
s-380
| Den solenergien vi kan få tak i direkte, er spreidd i vêr og vind, og det skal svære areal til for å fange noko som monar i vårt enorme sluk. |
s-381
| Nokre søkjer tilflukt i etanol og biodiesel som svar på klimaproblemet med bilparken. |
s-382
| Andre drøymer om hydrogen. |
s-383
| Dei som snakkar om å halde oppe dagens aktivitet med slike middel, har ikkje spurt naturlovene om kva som er mogleg. |
s-384
| Europa og USA brende 700 millionar m3 bensin i 2006. |
s-385
| På same tid var etanolproduksjonen i verda 50 millionar m3, fortel den nordiske Kraftjournalen. |
s-386
| For ei tid sidan gjekk 20 prosent av maisarealet i USA til etanol, som var nok til å drive to av hundre bilar. |
s-387
| 98 av 100 bilar måtte framleis ha fossilt drivstoff. |
s-388
| Det amerikanske miljødirektoratet kom jamvel til at klimagassutsleppa hadde vore mindre om bilane hadde gått på vanleg bensin, fordi etanolproduksjonen kostar så mykje fossilt brensel. |
s-389
| Nettoenergien av etanol er bortimot null. |
s-390
| Seinare har fleire enda med liknande konklusjonar. |
s-391
| Den svenske forskaren Torbjørn Rydberg rekna ut at om dei dyrka kveite til etanol på alt svensk åkerareal, ville dei få nok til å drive ein av ti bilar. |
s-392
| I Malaysia går regnskogen opp i røyk etter kvart som eksporten av palmeolje stig. |
s-393
| Kunnskapsløysa |
s-394
| Biobrensel og hydrogen har framleis ei høg stjerne som miljøtiltak. |
s-395
| Det må kome av at kunnskapen er undermåls. |
s-396
| Problemet med hydrogen som drivstoff er at det kostar enorme mengder energi å framstille denne gassen. |
s-397
| Ved elektrolyse og alt anna som må til, forsvinn rundt 80 prosent av energien, og vi sit att med 20 prosent av den elektriske krafta som hydrogen til å drive bilen med. |
s-398
| I gasskraftverk med CO2-handtering går meir enn 50 prosent av gassenergien tapt under omdanninga til elektrisitet. |
s-399
| Det vil seie at under 10 prosent av energien i gassen kjem på tanken i form av hydrogen. |
s-400
| Dette minner mistenkjeleg om energisløsing. |