Dependency Tree

Universal Dependencies - Norwegian - Nynorsk

LanguageNorwegian
ProjectNynorsk
Corpus Parttest

Select a sentence

Showing 202 - 301 of 1511 • previousnext

s-202 Frå 2004 og gjennom 2005 låg alt nede, universitetet fann ikkje nye entreprenørar etter at dei fyrste hadde gjeve opp grunn av aktivistane.
s-203 I 2006 kom Høgsterett med ein ny dom som utvida vernet og tryggjingssona rundt The Science Area.
s-204 No har universitetet fått ny entreprenør, men namnet den nye entreprenøren og dei som arbeider der, er løynt.
s-205 Arbeidarane kjem til ulike tider og løyner andleta sine når dei går inn byggjeplassen.
s-206 Men det er ikkje nybygget i seg sjølv som er grunnen til at Stein vert hata av dyrerettsaktivistar, det har han sytt for eiga hand.
s-207 - Saman med ein annan nevroforskar, Tipu Aziz, nyttar eg aper for å sjå ulike modellar Parkinsons sjukdom.
s-208 Vi gjev desse apene ein mild versjon av Parkinsons.
s-209 Nyttig narkotika
s-210 Her vert Stein ivrig.
s-211 - Eg trur dette vil interessera lesarane dine, du bør med deg bakgrunnshistoria.
s-212 Stein byrjar å fortelja om eit narkotisk stoff som heiter MPTP.
s-213 Om inkje anna illustrerer det kvifor dyreforsøk er betre enn menneskeforsøk, i det minste om ein meiner at menneskeliv er meir verde enn dyreliv.
s-214 - Han vi kan takka for MPTP, var den svært lovande amerikanske kjemistudenten Barry Kidston.
s-215 Menneskelivet er underleg.
s-216 I 1976 freista Kidston å laga stoffet MPPP, eit slags kunstig heroin som høyrer heime i meperdine-familien, ved eit laboratorium universitetet i Maryland.
s-217 Han gjorde ein feil under prosessen og laga i staden det som no vert kalla MPTP.
s-218 Dette injiserte han.
s-219 Tre dagar etter hadde han utvikla Parkinsons.
s-220 Snart fekk ei rekkje andre studentar òg Parkinsons, noko som er svært uvanleg hjå personar under femti år.
s-221 Kidston hadde selt stoffet til andre.
s-222 The National Institute of Mental Health fann etter kvart ut kva han hadde gjort, ved å taka prøver frå laben, og såleis vart omverda merksam det nye stoffet.
s-223 Lækjarane greidde å stogga symptoma hjå Kidston ved å nytta Levo-dopa, ein medisin mot Parkinsons.
s-224 Det hjelpte ikkje Kidston mykje, atten månader seinare døydde han av ein kokainoverdose.
s-225 Men det hjelpte Stein og ei rekkje andre forskarar.
s-226 Ved obduksjonen fann patologane at hjerneceller som produserer dopamin, eit signalstoff i hjernen, vart øydelagde.
s-227 Parkinsons bryt ned dei same cellene hjå menneske.
s-228 Før Kidston døydde, hadde forskarane gjeve MPTP til rotter, utan effekt, og dei stod difor utan spor før Kidston tok overdosen sin.
s-229 Det synte seg at rotter og gnagarar kan taka MPTP utan at det får konsekvensar, mellom anna difor Stein nytta primatar i forskinga si Parkinsons.
s-230 - Det Aziz og eg gjorde, var altså å gje apene nok MPTP til å utvikla mild Parkinsons.
s-231 Apene kan framleis eta og ha eit vanleg sosialt liv.
s-232 Det vi oppdaga, var eit område av hjernen som ved såkalla djupstimulering kunne taka bort eitt av symptoma Parkinsons, den vantande evna til å og til å stå opp og til å kontrollera ymse kroppsrørsler; det som vi kallar akinesi.
s-233 Jamvel om Parkinsons-pasientar kan verta hjelpte ved bruk av Levo-dopa, syner det seg at det medikamentet sluttar å ha ein effekt hjå eit fleirtal av pasientane etter nokre år.
s-234 Tilfellet Blakemore
s-235 Effekten av denne djupstimuleringa som Stein står bak, er frapperande.
s-236 I den eine augneblinken sit pasienten i ein stol og skjelv, i den neste reiser han seg og går roleg av garde.
s-237 - kvifor gjekk du og Aziz offentleg ut med det du hadde gjort for å finna denne lækjeråda?
s-238 - Eg har alltid meint at storsamfunnet har rett til å vita kva det er vi held med, og at dei som betalar for forskinga vår og får glede av henne, vita kvifor dyreforsøk er naudsynte.
s-239 Diverre har britiske forskarar altfor lenge vore feige og ikkje våga å taka til motmæle mot dyrerettsaktivistane.
s-240 Kort sagt:
s-241 Tipu Aziz og eg fann ut at det var tide å ope ut.
s-242 Dessutan hadde Colin Blakemore vore åleine altfor lenge.
s-243 Ingen artikkel om dyrerett utan Colin Blakemore.
s-244 Blakemore hadde tidlegare det kontoret som eg no sit og intervjuar Stein i.
s-245 Dei var i mange år kollegaer før Blakemore flytte til London for å leia eitt av dei britiske forskingsråda, det som deler ut pengar til medisinsk forsking.
s-246 Etter ein del kontroversar har han òg slutta der.
s-247 Blakemore er kanskje den mest vid- eller illgjetne vitskapsmannen i Storbritannia.
s-248 Han er til liks med Stein hjerneforskar.
s-249 Eg har freista å eit intervju med Blakemore, men han har visst kome fram til at han vil liggja lågt ei tid.
s-250 Han har fått sin del av offentleg merksemd.
s-251 Dyrerettsaktivistane vart merksame Blakemore i 1980-åra han arbeidde ved Oxford.
s-252 Blakemore forska såkalla amblyopi og strabisme, feilfunksjonar som gjer at augo ikkje lenger ser beint ting eller « gløymer » å sjå.
s-253 Det klassiske dømet er det skjegløygde barnet som dersom det ikkje får ein lapp framfor det gode auga, vert blind det skjeglande auga av di det ikkje lenger « treng » å sjå, og hjernen koplar ut informasjonsbanene derifrå.
s-254 Det Blakemore gjorde, var å sy att augo kattungar når dei vart fødde.
s-255 stinga vart fjerna, var kattane blinde for resten av livet.
s-256 Utan anger
s-257 Blakemore har aldri angra det han gjorde.
s-258 «Takk vere dette og liknande forsking veit vi kvifor tilstandar som amblyopi - den vanlegaste forma for blindskap hjå born - oppstår, og vi er no i stand til handtera det og utvikla metodar som gjer at det ikkje oppstår.»
s-259 Gong etter gong har Blakemore stilt opp fjernsyn, i aviser og radio og fortalt kor naudsynte dyreforsøk er.
s-260 Sundagsmiddag etter sundagsmiddag er vorten øydelagd av demonstrantar utanfor døra.
s-261 Borna har fått tilsendt bomber, brev fylte med HIV-infiserte barberblad har vorte lagde i postkassa, og kona har freista å taka livet sitt.
s-262 Gjennom heile 1990-åra har han vorte trakassert og utsett for ei rekkje valdsepisodar.
s-263 Dømet Barry Horn er kan henda det mest kjende.
s-264 I 1998 vart aktivisten fengsla i atten år for ei rad bilbombingar.
s-265 Han byrja ein sveltestreik.
s-266 Ei av dyrerettsrørslene gjekk offentleg ut mot Blakemore og sa dei vil drepa han om Horn døydde.
s-267 I 2000 hadde det britiske rettssystemet fått meir enn nok og avsa ein dom mot Cynthia O'Neil, ei av dei som hadde vore mest aktive i forfylgjinga av Blakemore.
s-268 Etter dette har livet vorte litt rolegare for Blakemore.
s-269 Men til liks med Stein er han under konstant politivern.
s-270 - Det var i 2004 at vi gjekk ut offentleg; eg fortalde om det eg hadde gjort med apene, i eit avisintervju.
s-271 Eg vedgå at eg ikkje hadde venta å møta mykje hat.
s-272 Men etter ei tid kom vi til at vi måtte freista å eit ordskifte med desse menneska.
s-273 Vi skipa til eit møte i rådhuset med Tony Benn som debattleiar (ein av dei mest kjende Labour-politikarane dei siste seksti åra, som òg er journalist).
s-274 Naziskuldingar
s-275 Til møtet tok Stein og Aziz med seg ein Parkinsons-pasient.
s-276 Djupstimuleringa av den spesielle delen av hjernen skjer via ein pacemaker-liknande mekanisme knytt til hjarta.
s-277 - Vi lét pacemakaren vera av, og der sat pasienten og skalv og armane hans gjekk heilt ukontrollert.
s-278 Men heile halla rådhuset var fylt med aktivistar.
s-279 vi slo mekanismen, og mannen med ein gong fekk full kontroll over kroppen att, byrja dei å ropa til han at «du burde vera død, og du er eit nazisvin».
s-280 Det heile slo fullstendig feil.
s-281 Eg har vore med i fleire TV-debattar.
s-282 Fjernsynsselskapa elskar det, men eg har funne ut at det heile er bortkasta.
s-283 Eg stiller opp til intervju og tek del i kampen mot dei.
s-284 Men eg møter dei ikkje lenger til ope ordskifte.
s-285 - Når eg høyrer deg, kan eg ikkje fri meg frå å tenkja at det er merkeleg at det britiske samfunnet godtek dette?
s-286 - Vel, kollegaene mine har som Blakemore og eg familiar.
s-287 Dei har sett kva som har hendt med oss.
s-288 Stikk du hovudet opp, vert det kutta av.
s-289 Politikarane si side vert utsette for eit enormt press frå desse aktivistane, og når det gjeld den vanlege kvinne og mann, veit dei lite om kvifor dyreforsøk er naudsynte.
s-290 Korleis skulle dei gjera det, når vi forskarar ikkje går ope ut og fortel om alt det gode som skjer med grunn i dyreforsøk?
s-291 Protestrørsla
s-292 Men alt er ikkje berre negativt.
s-293 I 2006 kom den svært skuleflinke, seksten år gamle Laurie Pycroft ei tilfelleleg vitjing til Oxford frå heimbyen Swindon.
s-294 Pycroft var med i ei gruppe regjeringa hadde dana for talentfulle skuleelevar, og hadde vorte undervist i mellom anna hjerneforsking.
s-295 Medan han sat ein kafé, vart ein av dei vanlege laurdagsdemonstrasjonane mot det nye laboratoriet haldne utanfor.
s-296 Han vart irritert at han stelte seg opp ved sida av med eit raskt samanraska banner til stønad for dyreforsking.
s-297 Han skreiv om opplevingane sine ein blogg han hadde laga.
s-298 E-breva byrja å koma inn i tusental.
s-299 Fire veker seinare, saman med Aziz og Stein, hadde han laga ei gruppe kalla Pro-Test, og desse heldt ein massedemonstrasjon nettopp i Oxford.
s-300 Oppslutnaden var massiv.
s-301 No har Pycroft droppa ut av skulen og driv organisasjonen heiltid.

Text viewDownload CoNNL-U