s-201
| Arbeidarane og underleverandørane på bygget og ei rekkje familiemedlemer av desse fekk øydelagt bilane sine, steinar gjennom vindaugo i heimane, menneskeleg avføring i postkassane og sjølvsagt ei mengd drapstrugsmål. |
s-202
| Frå 2004 og gjennom 2005 låg alt nede, universitetet fann ikkje nye entreprenørar etter at dei fyrste hadde gjeve opp på grunn av aktivistane. |
s-203
| I 2006 kom Høgsterett med ein ny dom som utvida vernet og tryggjingssona rundt The Science Area. |
s-204
| No har universitetet fått ny entreprenør, men namnet på den nye entreprenøren og dei som arbeider der, er løynt. |
s-205
| Arbeidarane kjem til ulike tider og løyner andleta sine når dei går inn på byggjeplassen. |
s-206
| Men det er ikkje nybygget i seg sjølv som er grunnen til at Stein vert hata av dyrerettsaktivistar, det har han sytt for på eiga hand. |
s-207
| - Saman med ein annan nevroforskar, Tipu Aziz, nyttar eg aper for å sjå på ulike modellar på Parkinsons sjukdom. |
s-208
| Vi gjev desse apene ein mild versjon av Parkinsons. |
s-209
| Nyttig narkotika |
s-210
| Her vert Stein ivrig. |
s-211
| - Eg trur dette vil interessera lesarane dine, så du bør få med deg bakgrunnshistoria. |
s-212
| Stein byrjar å fortelja om eit narkotisk stoff som heiter MPTP. |
s-213
| Om inkje anna illustrerer det kvifor dyreforsøk er betre enn menneskeforsøk, i det minste om ein meiner at menneskeliv er meir verde enn dyreliv. |
s-214
| - Han vi kan takka for MPTP, var den svært lovande amerikanske kjemistudenten Barry Kidston. |
s-215
| Menneskelivet er underleg. |
s-216
| I 1976 freista Kidston å laga stoffet MPPP, eit slags kunstig heroin som høyrer heime i meperdine-familien, ved eit laboratorium på universitetet i Maryland. |
s-217
| Han gjorde ein feil under prosessen og laga i staden det som no vert kalla MPTP. |
s-218
| Dette injiserte han. |
s-219
| Tre dagar etter hadde han utvikla Parkinsons. |
s-220
| Snart fekk ei rekkje andre studentar òg Parkinsons, noko som er svært uvanleg hjå personar under femti år. |
s-221
| Kidston hadde selt stoffet til andre. |
s-222
| The National Institute of Mental Health fann etter kvart ut kva han hadde gjort, ved å taka prøver frå laben, og såleis vart omverda merksam på det nye stoffet. |
s-223
| Lækjarane greidde å stogga symptoma hjå Kidston ved å nytta Levo-dopa, ein medisin mot Parkinsons. |
s-224
| Det hjelpte ikkje Kidston så mykje, atten månader seinare døydde han av ein kokainoverdose. |
s-225
| Men det hjelpte Stein og ei rekkje andre forskarar. |
s-226
| Ved obduksjonen fann patologane at hjerneceller som produserer dopamin, eit signalstoff i hjernen, vart øydelagde. |
s-227
| Parkinsons bryt ned dei same cellene hjå menneske. |
s-228
| Før Kidston døydde, hadde forskarane gjeve MPTP til rotter, utan effekt, og dei stod difor utan spor før Kidston tok overdosen sin. |
s-229
| Det synte seg at rotter og gnagarar kan taka MPTP utan at det får konsekvensar, mellom anna difor må Stein nytta primatar i forskinga si på Parkinsons. |
s-230
| - Det Aziz og eg gjorde, var altså å gje apene nok MPTP til å utvikla mild Parkinsons. |
s-231
| Apene kan framleis eta og ha eit vanleg sosialt liv. |
s-232
| Det vi oppdaga, var eit område av hjernen som ved såkalla djupstimulering kunne taka bort eitt av symptoma på Parkinsons, den vantande evna til å gå og til å stå opp og til å kontrollera ymse kroppsrørsler; det som vi kallar akinesi. |
s-233
| Jamvel om Parkinsons-pasientar kan verta hjelpte ved bruk av Levo-dopa, syner det seg at det medikamentet sluttar å ha ein effekt hjå eit fleirtal av pasientane etter nokre år. |
s-234
| Tilfellet Blakemore |
s-235
| Effekten av denne djupstimuleringa som Stein står bak, er frapperande. |
s-236
| I den eine augneblinken sit pasienten i ein stol og skjelv, i den neste reiser han seg og går roleg av garde. |
s-237
| - Så kvifor gjekk du og Aziz offentleg ut med det du hadde gjort for å finna denne lækjeråda? |
s-238
| - Eg har alltid meint at storsamfunnet har rett til å vita kva det er vi held på med, og at dei som betalar for forskinga vår og får glede av henne, må få vita kvifor dyreforsøk er naudsynte. |
s-239
| Diverre har britiske forskarar altfor lenge vore feige og ikkje våga å taka til motmæle mot dyrerettsaktivistane. |
s-240
| Kort sagt: |
s-241
| Tipu Aziz og eg fann ut at det var på tide å gå ope ut. |
s-242
| Dessutan hadde Colin Blakemore vore åleine altfor lenge. |
s-243
| Ingen artikkel om dyrerett utan Colin Blakemore. |
s-244
| Blakemore hadde tidlegare det kontoret som eg no sit og intervjuar Stein i. |
s-245
| Dei var i mange år kollegaer før Blakemore flytte til London for å leia eitt av dei britiske forskingsråda, det som deler ut pengar til medisinsk forsking. |
s-246
| Etter ein del kontroversar har han òg slutta der. |
s-247
| Blakemore er kanskje den mest vid- eller illgjetne vitskapsmannen i Storbritannia. |
s-248
| Han er til liks med Stein hjerneforskar. |
s-249
| Eg har freista å få eit intervju med Blakemore, men han har visst kome fram til at han vil liggja lågt ei tid. |
s-250
| Han har fått sin del av offentleg merksemd. |
s-251
| Dyrerettsaktivistane vart merksame på Blakemore i 1980-åra då han arbeidde ved Oxford. |
s-252
| Blakemore forska på såkalla amblyopi og strabisme, feilfunksjonar som gjer at augo ikkje lenger ser beint på ting eller « gløymer » å sjå. |
s-253
| Det klassiske dømet er det skjegløygde barnet som dersom det ikkje får ein lapp framfor det gode auga, vert blind på det skjeglande auga av di det ikkje lenger « treng » å sjå, og hjernen koplar ut informasjonsbanene derifrå. |
s-254
| Det Blakemore gjorde, var å sy att augo på kattungar når dei vart fødde. |
s-255
| Då stinga vart fjerna, var kattane blinde for resten av livet. |
s-256
| Utan anger |
s-257
| Blakemore har aldri angra på det han gjorde. |
s-258
| «Takk vere dette og liknande forsking så veit vi kvifor tilstandar som amblyopi - den vanlegaste forma for blindskap hjå born - oppstår, og vi er no i stand til handtera det og utvikla metodar som gjer at det ikkje oppstår.» |
s-259
| Gong etter gong har Blakemore stilt opp på fjernsyn, i aviser og radio og fortalt kor naudsynte dyreforsøk er. |
s-260
| Sundagsmiddag etter sundagsmiddag er vorten øydelagd av demonstrantar utanfor døra. |
s-261
| Borna har fått tilsendt bomber, brev fylte med HIV-infiserte barberblad har vorte lagde i postkassa, og kona har freista å taka livet sitt. |
s-262
| Gjennom heile 1990-åra har han vorte trakassert og utsett for ei rekkje valdsepisodar. |
s-263
| Dømet Barry Horn er kan henda det mest kjende. |
s-264
| I 1998 vart aktivisten fengsla i atten år for ei rad bilbombingar. |
s-265
| Han byrja ein sveltestreik. |
s-266
| Ei av dyrerettsrørslene gjekk offentleg ut mot Blakemore og sa dei vil drepa han om Horn døydde. |
s-267
| I 2000 hadde det britiske rettssystemet fått meir enn nok og avsa ein dom mot Cynthia O'Neil, ei av dei som hadde vore mest aktive i forfylgjinga av Blakemore. |
s-268
| Etter dette har livet vorte litt rolegare for Blakemore. |
s-269
| Men til liks med Stein er han under konstant politivern. |
s-270
| - Det var i 2004 at vi gjekk ut offentleg; eg fortalde om det eg hadde gjort med apene, i eit avisintervju. |
s-271
| Eg må vedgå at eg ikkje hadde venta å møta så mykje hat. |
s-272
| Men etter ei tid kom vi til at vi måtte freista å få eit ordskifte med desse menneska. |
s-273
| Vi skipa til eit møte i rådhuset med Tony Benn som debattleiar (ein av dei mest kjende Labour-politikarane dei siste seksti åra, som òg er journalist). |
s-274
| Naziskuldingar |
s-275
| Til møtet tok Stein og Aziz med seg ein Parkinsons-pasient. |
s-276
| Djupstimuleringa av den spesielle delen av hjernen skjer via ein pacemaker-liknande mekanisme knytt til hjarta. |
s-277
| - Vi lét pacemakaren vera av, og der sat pasienten og skalv og armane hans gjekk heilt ukontrollert. |
s-278
| Men heile halla på rådhuset var fylt med aktivistar. |
s-279
| Då vi slo på mekanismen, og mannen med ein gong fekk full kontroll over kroppen att, byrja dei å ropa til han at «du burde vera død, og du er eit nazisvin». |
s-280
| Det heile slo fullstendig feil. |
s-281
| Eg har vore med i fleire TV-debattar. |
s-282
| Fjernsynsselskapa elskar det, men eg har funne ut at det heile er bortkasta. |
s-283
| Eg stiller opp til intervju og tek del i kampen mot dei. |
s-284
| Men eg møter dei ikkje lenger til ope ordskifte. |
s-285
| - Når eg høyrer på deg, kan eg ikkje fri meg frå å tenkja på at det er merkeleg at det britiske samfunnet godtek dette? |
s-286
| - Vel, kollegaene mine har som Blakemore og eg familiar. |
s-287
| Dei har sett kva som har hendt med oss. |
s-288
| Stikk du hovudet opp, vert det kutta av. |
s-289
| Politikarane på si side vert utsette for eit enormt press frå desse aktivistane, og når det gjeld den vanlege kvinne og mann, så veit dei lite om kvifor dyreforsøk er naudsynte. |
s-290
| Korleis skulle dei gjera det, når vi forskarar ikkje går ope ut og fortel om alt det gode som skjer med grunn i dyreforsøk? |
s-291
| Protestrørsla |
s-292
| Men alt er ikkje berre negativt. |
s-293
| I 2006 kom den svært så skuleflinke, seksten år gamle Laurie Pycroft på ei tilfelleleg vitjing til Oxford frå heimbyen Swindon. |
s-294
| Pycroft var med i ei gruppe regjeringa hadde dana for talentfulle skuleelevar, og hadde vorte undervist i mellom anna hjerneforsking. |
s-295
| Medan han sat på ein kafé, vart ein av dei vanlege laurdagsdemonstrasjonane mot det nye laboratoriet haldne utanfor. |
s-296
| Han vart så irritert at han stelte seg opp ved sida av med eit raskt samanraska banner til stønad for dyreforsking. |
s-297
| Han skreiv om opplevingane sine på ein blogg han hadde laga. |
s-298
| E-breva byrja å koma inn i tusental. |
s-299
| Fire veker seinare, saman med Aziz og Stein, hadde han laga ei gruppe kalla Pro-Test, og desse heldt ein massedemonstrasjon nettopp i Oxford. |
s-300
| Oppslutnaden var massiv. |