s-101
| Eg hata det. |
s-102
| Stein er ein av dei mest kjende professorane ved Oxford. |
s-103
| Han har hjelpt mange tusen menneske til eit betre liv. |
s-104
| Stein er lækjar og hjerneforskar. |
s-105
| Det er difor han er så oppteken av feittsyrer. |
s-106
| Feittsyrer frå sel og fisk er svært bra for ymse hjernefunksjonar. |
s-107
| Stein er elles ein av dei fremste hjerneforskarane i verda; spesialdistansen er dysleksi og Parkinsons sjukdom. |
s-108
| Det har ikkje berre vore lett. |
s-109
| Nærast dagstøtt får han drapstrugsmål, på e-post, i form av brev eller via telefon. |
s-110
| Dyrevernrørsla i Storbritannia er meir militant enn i Noreg. |
s-111
| - Det er i grunnen verst for kona. |
s-112
| Ho tek det tyngre enn eg. |
s-113
| Eg visste vel djupt der nede kva som kom, men eg måtte berre taka side. |
s-114
| Permanent overvaka |
s-115
| Stein bur på ei løynd adresse nord i Oxford ein stad. |
s-116
| Britisk rett har gjort det ulovleg å offentleggjera adressa. |
s-117
| - Eg er glad for at politiet tek det alvorleg, men det er det vel grunn til òg. |
s-118
| Dei nytta ei bilbombe mot ein kollega av meg i Bristol; lukkelegvis var han ikkje i bilen då ho gjekk av. |
s-119
| Mot andre har dei skote. |
s-120
| I kjellaren til Stein står ein PC. |
s-121
| Rundt huset hans er det montert overvakingskamera. |
s-122
| Når PC-en registrerer rørsle, sender han ei alarmmelding til politiet. |
s-123
| Stein er på ingen måtte åleine om å ha politivern 24 timar i døgeret. |
s-124
| Kvart år nyttar britisk politi og MI5, det britiske etterretningsorganet for interne tilhøve, eit ukjent tal millionar på å verna menneske mot desse som meiner at dyr skal ha det same rettsvernet som menneske, og difor terroriserer forskarar, bønder, slaktarar og ei mengd andre individ på Dei britiske øyane. |
s-125
| Det er kanskje ikkje heilt uventa for både Stein og universitetet i Oxford at det er nett her den såkalla «Animal rights movement» - eller «Animal liberation movement» - spreier mest frykt og terror, for det var i Oxford at denne rørsla fekk det ideologiske grunnlaget sitt. |
s-126
| « Dyrerettsrørsla » , som det står på Wikipedia, «er eit av dei få døma på ei sosial rørsle som vart dana og i sterk grad vert halden oppe av akademikarar, særleg filosofar.» |
s-127
| I 1965 skreiv romanforfattaren Brigid Brophy ein artikkel i The Sunday Times. |
s-128
| Artikkelen vart eit kamprop: |
s-129
| «Tilhøvet som homo sapiens har til andre dyr, er eit tilhøve av nådelaus utnytting. |
s-130
| Vi set dei i arbeid, vi et dei, og vi har dei på oss. |
s-131
| Vi nyttiggjer dei på grunnlag av ovtru. |
s-132
| Før ofra vi dei til gudane våre og reiv ut innvolane for såleis å kunna sjå vår eiga framtid; no ofrar vi dei til vitskapen og eksperimenterer med liva deira i vona om - eller på grunnlag av reint sjansespel - å kunna sjå litt klårare inn i notida.» |
s-133
| Om det som skulle koma, skriv psykologen Richard Ryder dette: |
s-134
| «Sjeldan har ei sak vorte så godt argumentert for og så godt intellektuelt væpna.» |
s-135
| Ryder vart ein del av det som ettertida kjenner som « Oxford-gruppa ». |
s-136
| Etter å ha lese Brophy skreiv Ryder fleire avisinnlegg som ein respons på det Brophy hadde skrive. |
s-137
| Brophy las innlegga og sette Ryder i kontakt med filosofiekteparet Stanley og Roslind Godlovitch og filosofen John Harris. |
s-138
| Dei arbeidde ved Oxford og heldt på med ei bok om dyrerett. |
s-139
| Ryder vart medforfattar, og boka kom i 1972. |
s-140
| Ho heiter Man and Morals. An Inquiry into the Maltreatment of Non-humans (Menneske og moral. Ei gransking av misbruk av ikkje-menneske). |
s-141
| Ein bibel |
s-142
| Boka er ein bibel for dyrerettsrørsla. |
s-143
| I dag er dyrerett universitetspensum over store delar av den vestlege verda. |
s-144
| Og som alle suksessrike sosiale rørsler er dyrerettsrørsla splitta i ei rekkje underrørsler, rørsler som står i beinhard krig med kvarandre. |
s-145
| Her skal vi konsentrera oss om filleproletariatet, dei som nyttar makt for å få viljen sin. |
s-146
| Nokre akademikarar stør dei, andre ikkje. |
s-147
| Gruppene har namn som Animal Liberation Front, SPEAK campaign, Stop Huntingdom Animal Cruelty og så bortetter. |
s-148
| Dei er delte i tallause autonome celler, og ingen stader er dei så aktive som i Storbritannia, og det jamvel om FBI ser på den aktivistiske delen av dyrerettsrørsla som «det største interne terrortrugsmålet i USA». |
s-149
| I Storbritannia har rørsla vore svært vellukka. |
s-150
| Dei har fått stengt ei rekkje dyrelaboratorium og har tvinga fleire kommersielle selskap til å slutta med dyreeksperiment. |
s-151
| Aper vart tidlegare nytta i forsking på ei rekkje universitet over heile Storbritannia. |
s-152
| John Stein er no ein av svært få som nyttar aper i forskinga. |
s-153
| Lovverket til føremon for dyr er dramatisk skjerpa dei siste tretti åra. |
s-154
| Ein dyrevernaktivist har jamført Storbritannia med Afghanistan: |
s-155
| «Som fridomsrørsla må lukkast i Afghanistan, må vi lukkast i Storbritannia.» |
s-156
| Bort med folket |
s-157
| Ronnie Lee er grunnleggjaren av Animal Liberation Front. |
s-158
| Lee har store ambisjonar, fortel han til BBC. |
s-159
| «For å skapa ei verd som er meir rettvis mot andre skapningar, må vi ha ein politikk for folkereduksjon. |
s-160
| Vi må få ein dramatisk reduksjon i menneskeøkslinga.» |
s-161
| I dag har Storbritannia noko over seksti millionar menneske. |
s-162
| Lee meiner talet bør ned i seks millionar. |
s-163
| Sjølv har han sterilisert seg. |
s-164
| Stein meiner det er historiske årsaker til at det er ei slik enorm merksemd rundt dyrerett i Storbritannia. |
s-165
| - Overklassa har nær sagt alltid elska dyra sine, og den haldninga har spreitt seg til det fleste sosiale lag. |
s-166
| Som det vert sagt: |
s-167
| «Engelskmennene elskar dyra sine høgre enn borna sine.» |
s-168
| Det er rett nok noko ironisk at desse som elska hestane og hundane sine, no langt på veg har mist retten til å nytta dei same dyra når dei vil jakta. |
s-169
| Det er elles nok berre å kasta eit blikk på det enorme lovverket rundt jakt for å skjøna at vi engelskmenn ikkje er heilt kloke når det gjeld dyrerett. |
s-170
| I kjærleiken vår til dyr ser vi ut til å ha gløymt at vi òg treng dei. |
s-171
| Utan dyreforsøk hadde vi truleg ingen antibiotika, det same gjeld for ei rad andre medikament. |
s-172
| Den 9. november 2004 kom den britiske høgsteretten med ein dom. |
s-173
| Den domen gjorde arbeidstilhøva for slike som John Stein noko lettare. |
s-174
| Domen seier at ei rad ulike dyrerettgrupper og einskildindivid - inkludert Animal Liberation Front og Ronnie Lee - ikkje får gå inn i The Science Area, som ligg i South Parks Road i Oxford. |
s-175
| Det er der Stein har kontor. |
s-176
| Den same domen slår fast at desse ulike gruppene og menneska ikkje får lov til å nærma seg heimen til slike som John Stein og ei rad andre personar som arbeider i eller på The Science Area. |
s-177
| I domen skreiv den fyrstevoterande domaren at ytringsfridomen galdt båe vegar og at domarane hadde til mål å verna om ytringsfridomen til personar som John Stein og at slike som Lee hindrar den ålmenne ytringsfridomen: |
s-178
| «Dei som meiner at eksperiment på levande dyr er både vitskapleg og etisk rett, har òg ytringsfridom. |
s-179
| Vidare har slike menneske og dei som i den vidaste forstand arbeider for dei, rett til å få verna privatliv og familieliv, heimar og korrespondanse.» |
s-180
| Steins tapte kamp |
s-181
| Her er vi framme ved ein ny historisk ironi. |
s-182
| Stein var mot det som var grunnlaget for domen, eit vedtak frå 1998 om byggjing av ein gigantisk sams dyrestall ved universitetet. |
s-183
| - Eg står no i spissen for ein kamp som eg tapte, men det lyt eg berre godtaka. |
s-184
| Likevel: |
s-185
| Vi skulle aldri ha vedteke å byggja dette nye laboratoriet. |
s-186
| Alle måtte skjøna at ei slikt nytt bygg ville skapa enorm merksemd. |
s-187
| Men no er terningen kasta. |
s-188
| På toppen av det bygget som Stein og eg sit i, fysiologibygningen i Oxford, låg det før ein dyrestall. |
s-189
| Der hadde Stein og dei andre som arbeidde ved fysiologi, alle dei dyra dei trong. |
s-190
| Berre studentane og dei som arbeidde ved fysiologi, visste eller tenkte over at dyrestallen låg der han låg. |
s-191
| På same viset var det for andre forskarar ved universitetet som hadde trong til dyr; dei hadde dyra i den same bygningen som dei arbeidde i, og dei styrde sjølve desse einingane. |
s-192
| Universitetsleiinga meinte at dette var ein kostnadskrevjande og lite effektiv måte å driva på, og i 1998 fekk dei altså kollegiet med på at det burde byggjast ein ny og sams dyrestall ved Oxford. |
s-193
| - Sett bort frå merksemda, ein meir effektiv struktur er vel ikkje gale i seg sjølv? |
s-194
| - For det fyrste løner det seg stort sett aldri å sentralisera strukturar som alt er på plass og som fungerer godt, for det andre gløymde dei heilt å taka omsyn til dei store tryggleikskostnadene. |
s-195
| Eg må no betala over 2000 kroner i veka for kvar primat eg skal ha der, altså over 100.000 kroner per ape i året. |
s-196
| (Stein nyttar som regel ti aper per studie, det vert ein million i året.) |
s-197
| Det nye bruket er straks ferdig og er delvis i bruk. |
s-198
| Det har vakter 24 timar i døgeret. |
s-199
| Bygget var meint å kosta 180 millionar kroner og er dramatisk forseinka. |
s-200
| Budsjettet er for lengst sprengt, og dei fyrste entreprenørane har gjeve opp for lenge sidan. |