s-2
| Tsatsiki er perfekt til, denne lette, syrlege sausen som smakar sommar for alle som har vore i Hellas. |
s-3
| No finn du matyoghurt i dei fleste butikkar, viss du ikkje finn det kan du la vanleg naturell yoghurt henge i eit kaffefilter i ei trakt nokre timar, slik at mesteparten av væta renn av, eller du kan bruke kesam eller lett crème fraïche. |
s-4
| Begynn med grønsakene til pastasalaten, dei tek lengst tid. |
s-5
| Lag tsatsikien medan dei bakar, og deleger grillinga til nokre andre. |
s-6
| Slik gjorde eg det: |
s-7
| Pastasalat med bakte grønsaker |
s-8
| 500 g fullkornspasta |
s-9
| 2 pastinakkar |
s-10
| 1 stor løk |
s-11
| 1 aubergine |
s-12
| 1 squash |
s-13
| 2 raude paprikaer |
s-14
| 200 g cherrytomatar |
s-15
| 50 g blanda, ferske urter, som oregano, persille, timian og basilikum |
s-16
| 3 ss olivenolje |
s-17
| 2 ts salt |
s-18
| Ekstra olivenoje, salt og peppar |
s-19
| 2 ss kvit balsamicoeddik |
s-20
| Set omnen på 200 grader. |
s-21
| Bland urtene i ei matmølle med salt og olje til ein pasta. |
s-22
| Sett til side. |
s-23
| Skrell pastinakkane og løken. |
s-24
| Kutt pastinakkane i bitar så store som sukkerbitar. |
s-25
| Kutt løken i båtar. |
s-26
| Vend pastinakkbitane og løken i halvparten av krydderpastaen, ha i litt ekstra olje viss det vert tørt. |
s-27
| Hell det heile i ei eldfast form, og bak det i omnen på 200 grader i 20 minutt. |
s-28
| Skjer auberginen i centimetertjukke skiver. |
s-29
| Strø salt mellom laga, og stable skivene i eit tårn på ein asjett. |
s-30
| Sett det til side. |
s-31
| Skjer squashen på langs, og så i centimetertjukke skiver. |
s-32
| Del paprikaene i to, og fjern hinner, frø og stilk. |
s-33
| Del dei i båtar. |
s-34
| Tørk aubergineskivene, og del dei i to. |
s-35
| Vend aubergineskivene, squashskiene og paprikabåtane i resten av krydderpastaen, ha i litt ekstra olje viss det vert tørt. |
s-36
| Ta ut forma, og hell aubergineskivene, squashskivene og paprikabåtane over pastinakken og løken. |
s-37
| La det heile bake i 20 minutt til. |
s-38
| Ta forma ut etter ti minutt, vend på grønsakene og legg på cherrytomatane før du bakar det heile ti minutt til. |
s-39
| Kok pastaen i godt salta vatn. |
s-40
| La den renne av, og ha den i ein stor bolle. |
s-41
| Ta ut dei bakte grønsakene, og vend dei saman med pastaen. |
s-42
| Bland godt, og hell alt over på eit stort serveringsfat. |
s-43
| Ringle over balsamicoeddik og server. |
s-44
| Tsatsiki |
s-45
| 1 beger matyoghurt eller lett crème fraïche |
s-46
| 1 agurk |
s-47
| 1 ts salt |
s-48
| to klyper svart peppar |
s-49
| 1 fedd kvitløk utan det grøne |
s-50
| 1 ts honning |
s-51
| Riv agurken på ei fjøl, og la den renne av. |
s-52
| Når eg har det travelt brukar eg å legge den i kraftig kjøkkenpapir eller ein godt vaska kjøkkenhandduk, og klemme væta ut av den. |
s-53
| Knus eller finhakk kvitløken. |
s-54
| Bland saman yoghurt, kvitløk og riven agurk, og smak til med honning, salt og peppar. |
s-55
| La tsatsikien stå og trekke litt før du smakar til på nytt. |
s-56
| Grilla kyllingbryst |
s-57
| 1-2 kyllingbryst per person |
s-58
| 3 ss olivenolje |
s-59
| 2 ts salt |
s-60
| ½ ts peppar |
s-61
| Fyr opp grillen i god tid. |
s-62
| Legg kyllingbrysta i ei form eller på eit fat. |
s-63
| Ringle over olje, og dryss på salt og peppar. |
s-64
| Grill kyllingbrysta medan du snur dei jamnt og trutt, til dei er gjennomsteikte. |
s-65
| Server med pastasalat med bakte grønsaker og tsatsiki til. |
s-66
| Merete Røsvik Granlund er litteraturvitar og fast bokmeldar for Dag og Tid. |
s-67
| Telenors nulltoleranse |
s-68
| Redd Barna har nulltoleranse overfor barnearbeid. |
s-69
| Vi òg, seier styreleiaren i Telenor til Dagsrevyen. |
s-70
| Men det gjeld tydelegvis berre offentleg - ikkje på styrerommet. |
s-71
| Der syner styret stor toleranse og gjev leiinga i styret full tillit etter barnearbeidsskandalen i Bangladesh. |
s-72
| I årevis har det vore fokus på barnearbeid i lågkostlanda i Asia. |
s-73
| Fotballar til VM som er handsydde av born, idrettsdrakter, og så bortetter. |
s-74
| Alle verksemder som etablerer seg i desse landa, veit meir enn nok om barnearbeid og sterkt kritikkverdige arbeidstilhøve. |
s-75
| Det kjem ikkje som ei overrasking på nokon. |
s-76
| Ein treng ikkje sjå eit program på norsk fjernsyn for å skjøna det. |
s-77
| Når norske selskap flyttar store delar av produksjonen til Asia og knapt sit att med anna enn logoen, salsapparatet og informasjonskonsulentane i heimlandet, bør dei difor òg automatisk ta ansvar for at underleverandørane fylgjer eit minimum av etiske reglar. |
s-78
| Det er ikkje lenger berre tale om å kjøpa nokre einskilde komponentar til produksjonen i heimlandet. |
s-79
| Så å seia heile verdikjeda vert no flagga ut. |
s-80
| Difor er òg omgrepet underleverandørar ofte misvisande. |
s-81
| I praksis er det meir tale om dotterselskap. |
s-82
| Å sikra dette er sjølvsagt svært krevjande og dyrt. |
s-83
| Det krev mange kontrollar, utførde av kompetente folk. |
s-84
| Det krev eigne folk på staden og at ein betalar produksjonsselskapa betre enn det andre kan tilby. |
s-85
| Konsernsjefen i Statoil måtte gå på ei korrupsjonssak i selskapet. |
s-86
| Korrupsjonssaka var tettare på verksemda fordi det var gjort av folk som var tilsette i Statoil, men alvoret i denne saka er større. |
s-87
| Ein kan jo òg minna styret i Telenor om at det norske oljefondet gjekk ut av det amerikanske selskapet Wallmart av di selskapet ikkje tok større ansvar for tilhøva hjå underleverandørane. |
s-88
| Slik sett ville det vore interessant å vita korleis etikkrådet i oljefondet stiller seg til Telenors praksis. |
s-89
| Når rett vert gale |
s-90
| Oxford, England: |
s-91
| Britiske dyrerettsaktvistar vil redusera folketalet i Storbritannia med ni tiandedelar. |
s-92
| Helst vil dei byrja med hjerneforskaren John Stein. |
s-93
| John Stein er ein venleg, noko traust kar. |
s-94
| Han likar det konkrete. |
s-95
| - Du som er norsk, gjev vel ungane dine tran? |
s-96
| - Jau då, men sjølv tek eg selolje. |
s-97
| - Det er sant, de får selolje i Noreg. |
s-98
| Du er heldig, selolje er fullt av EPA (feittsyre som menneske svært lett tek opp i blodet). |
s-99
| - Men ungane vil ikkje ha det. |
s-100
| - Eg forstår dei, sjølv måtte eg eta kval under krigen. |
s-101
| Eg hata det. |