Dependency Tree

Universal Dependencies - Norwegian - Nynorsk

LanguageNorwegian
ProjectNynorsk
Corpus Parttest

Select a sentence

Showing 1 - 100 of 1511 • previousnext

s-1 Den er mettande og smakfull, og det er lettvint å servere alt eit fat.
s-2 Tsatsiki er perfekt til, denne lette, syrlege sausen som smakar sommar for alle som har vore i Hellas.
s-3 No finn du matyoghurt i dei fleste butikkar, viss du ikkje finn det kan du la vanleg naturell yoghurt henge i eit kaffefilter i ei trakt nokre timar, slik at mesteparten av væta renn av, eller du kan bruke kesam eller lett crème fraïche.
s-4 Begynn med grønsakene til pastasalaten, dei tek lengst tid.
s-5 Lag tsatsikien medan dei bakar, og deleger grillinga til nokre andre.
s-6 Slik gjorde eg det:
s-7 Pastasalat med bakte grønsaker
s-8 500 g fullkornspasta
s-9 2 pastinakkar
s-10 1 stor løk
s-11 1 aubergine
s-12 1 squash
s-13 2 raude paprikaer
s-14 200 g cherrytomatar
s-15 50 g blanda, ferske urter, som oregano, persille, timian og basilikum
s-16 3 ss olivenolje
s-17 2 ts salt
s-18 Ekstra olivenoje, salt og peppar
s-19 2 ss kvit balsamicoeddik
s-20 Set omnen 200 grader.
s-21 Bland urtene i ei matmølle med salt og olje til ein pasta.
s-22 Sett til side.
s-23 Skrell pastinakkane og løken.
s-24 Kutt pastinakkane i bitar store som sukkerbitar.
s-25 Kutt løken i båtar.
s-26 Vend pastinakkbitane og løken i halvparten av krydderpastaen, ha i litt ekstra olje viss det vert tørt.
s-27 Hell det heile i ei eldfast form, og bak det i omnen 200 grader i 20 minutt.
s-28 Skjer auberginen i centimetertjukke skiver.
s-29 Strø salt mellom laga, og stable skivene i eit tårn ein asjett.
s-30 Sett det til side.
s-31 Skjer squashen langs, og i centimetertjukke skiver.
s-32 Del paprikaene i to, og fjern hinner, frø og stilk.
s-33 Del dei i båtar.
s-34 Tørk aubergineskivene, og del dei i to.
s-35 Vend aubergineskivene, squashskiene og paprikabåtane i resten av krydderpastaen, ha i litt ekstra olje viss det vert tørt.
s-36 Ta ut forma, og hell aubergineskivene, squashskivene og paprikabåtane over pastinakken og løken.
s-37 La det heile bake i 20 minutt til.
s-38 Ta forma ut etter ti minutt, vend grønsakene og legg cherrytomatane før du bakar det heile ti minutt til.
s-39 Kok pastaen i godt salta vatn.
s-40 La den renne av, og ha den i ein stor bolle.
s-41 Ta ut dei bakte grønsakene, og vend dei saman med pastaen.
s-42 Bland godt, og hell alt over eit stort serveringsfat.
s-43 Ringle over balsamicoeddik og server.
s-44 Tsatsiki
s-45 1 beger matyoghurt eller lett crème fraïche
s-46 1 agurk
s-47 1 ts salt
s-48 to klyper svart peppar
s-49 1 fedd kvitløk utan det grøne
s-50 1 ts honning
s-51 Riv agurken ei fjøl, og la den renne av.
s-52 Når eg har det travelt brukar eg å legge den i kraftig kjøkkenpapir eller ein godt vaska kjøkkenhandduk, og klemme væta ut av den.
s-53 Knus eller finhakk kvitløken.
s-54 Bland saman yoghurt, kvitløk og riven agurk, og smak til med honning, salt og peppar.
s-55 La tsatsikien stå og trekke litt før du smakar til nytt.
s-56 Grilla kyllingbryst
s-57 1-2 kyllingbryst per person
s-58 3 ss olivenolje
s-59 2 ts salt
s-60 ½ ts peppar
s-61 Fyr opp grillen i god tid.
s-62 Legg kyllingbrysta i ei form eller eit fat.
s-63 Ringle over olje, og dryss salt og peppar.
s-64 Grill kyllingbrysta medan du snur dei jamnt og trutt, til dei er gjennomsteikte.
s-65 Server med pastasalat med bakte grønsaker og tsatsiki til.
s-66 Merete Røsvik Granlund er litteraturvitar og fast bokmeldar for Dag og Tid.
s-67 Telenors nulltoleranse
s-68 Redd Barna har nulltoleranse overfor barnearbeid.
s-69 Vi òg, seier styreleiaren i Telenor til Dagsrevyen.
s-70 Men det gjeld tydelegvis berre offentleg - ikkje styrerommet.
s-71 Der syner styret stor toleranse og gjev leiinga i styret full tillit etter barnearbeidsskandalen i Bangladesh.
s-72 I årevis har det vore fokus barnearbeid i lågkostlanda i Asia.
s-73 Fotballar til VM som er handsydde av born, idrettsdrakter, og bortetter.
s-74 Alle verksemder som etablerer seg i desse landa, veit meir enn nok om barnearbeid og sterkt kritikkverdige arbeidstilhøve.
s-75 Det kjem ikkje som ei overrasking nokon.
s-76 Ein treng ikkje sjå eit program norsk fjernsyn for å skjøna det.
s-77 Når norske selskap flyttar store delar av produksjonen til Asia og knapt sit att med anna enn logoen, salsapparatet og informasjonskonsulentane i heimlandet, bør dei difor òg automatisk ta ansvar for at underleverandørane fylgjer eit minimum av etiske reglar.
s-78 Det er ikkje lenger berre tale om å kjøpa nokre einskilde komponentar til produksjonen i heimlandet.
s-79 å seia heile verdikjeda vert no flagga ut.
s-80 Difor er òg omgrepet underleverandørar ofte misvisande.
s-81 I praksis er det meir tale om dotterselskap.
s-82 Å sikra dette er sjølvsagt svært krevjande og dyrt.
s-83 Det krev mange kontrollar, utførde av kompetente folk.
s-84 Det krev eigne folk staden og at ein betalar produksjonsselskapa betre enn det andre kan tilby.
s-85 Konsernsjefen i Statoil måtte ei korrupsjonssak i selskapet.
s-86 Korrupsjonssaka var tettare verksemda fordi det var gjort av folk som var tilsette i Statoil, men alvoret i denne saka er større.
s-87 Ein kan jo òg minna styret i Telenor om at det norske oljefondet gjekk ut av det amerikanske selskapet Wallmart av di selskapet ikkje tok større ansvar for tilhøva hjå underleverandørane.
s-88 Slik sett ville det vore interessant å vita korleis etikkrådet i oljefondet stiller seg til Telenors praksis.
s-89 Når rett vert gale
s-90 Oxford, England:
s-91 Britiske dyrerettsaktvistar vil redusera folketalet i Storbritannia med ni tiandedelar.
s-92 Helst vil dei byrja med hjerneforskaren John Stein.
s-93 John Stein er ein venleg, noko traust kar.
s-94 Han likar det konkrete.
s-95 - Du som er norsk, gjev vel ungane dine tran?
s-96 - Jau , men sjølv tek eg selolje.
s-97 - Det er sant, de får selolje i Noreg.
s-98 Du er heldig, selolje er fullt av EPA (feittsyre som menneske svært lett tek opp i blodet).
s-99 - Men ungane vil ikkje ha det.
s-100 - Eg forstår dei, sjølv måtte eg eta kval under krigen.

Text viewDownload CoNNL-U