s-201
| Denne skatten vert lagd på kraftrekninga. |
s-202
| Betaler du straumen, betaler du eigedomsskatt. |
s-203
| Betaler du ikkje straum, betaler du heller ikkje eigedomsskatt, men då står eigedomen din att utan elektrisitet. |
s-204
| Det nye systemet byrja i september i år. |
s-205
| I statsbudsjettet for 2012 reknar regjeringa med at inntektene frå eigedomsskatt skal gå opp med utrulege 235 prosent. |
s-206
| Mykje meir pengar |
s-207
| Problemet er berre at Hellas treng så utruleg mykje meir pengar skal skuta bera. |
s-208
| Ja, om alt går etter planen, og det gjer det neppe, seier representanten for troikaen rett ut, får altså Hellas eit såkalla primæroverskot. |
s-209
| Men gjelda kjem i 2012 likevel til å stiga til minst 391 milliardar euro, som vil utgjera 181,8 prosent av BNP. |
s-210
| Og vona om auka skatteinntekter er kan henda berre ei von. |
s-211
| For i dei åtte fyrste månadene av 2011 gjekk skatteinntektene ned med 5,6 prosent samanlikna med 2010 og utgiftene opp med 8,1 prosent. |
s-212
| Utgiftsauken kan delvis forklårast med betre rekneskapsrutinar, men den manglande skatteinngangen må i all hovudsak seiast å vera ein systemfeil. |
s-213
| Regjeringa maktar ikkje det ho lovar på dette feltet, og dessutan går skatteinnkrevjarane endå saktare enn vanleg i protest mot lønskutt, som troikaen er fullt ut klar over. |
s-214
| - Svært mykje av gresk kapital er dessutan no ute av landet og dimed svært vanskeleg å krevja inn, og i takt med nedskjeringane går økonomien ned og dimed skatteinntektene. |
s-215
| Betre skatteinnkrevjing løyser ikkje dette. |
s-216
| - Nei, i det minste ikkje på kort sikt. |
s-217
| Dessutan har altså Hellas lova å få opp skatteinngangen lenge utan å lukkast. |
s-218
| Då står vi att med éin ting: nedskjeringar, det er ikkje til å koma utanom. |
s-219
| Til no har regjeringa unngått direkte oppseiingar, men no kjem dei til å koma, seier den anonyme. |
s-220
| - Trur du at troikaen kjem til å lukkast, får de landet i balanse att? |
s-221
| - Som offisiell representant må eg svara ja, som privatperson som har budd her vel eitt år, tja... |
s-222
| Så bed eit av dei fremste terrormåla i Hellas dei væpna vaktene om å fylgja meg til heisen. |
s-223
| Brenn all gjeld |
s-224
| Kva gjer du med ein ballong som er åt å gå tom for luft? |
s-225
| Blæs han opp att for å få ungen til å slutta å hyla, eller gjev du blaffen og seier at du ikkje gidd å blåsa igjen og igjen og igjen? |
s-226
| Savas Robolis er professor i økonomi ved Panteion-universitetet i Athen. |
s-227
| Før krisa fekk han utbetalt 3200 euro i månaden frå universitetet, no er han komen ned i 2000 euro. |
s-228
| Truleg skal han vidare ned. |
s-229
| Robolis har rett nok ei anna lønt stilling òg, han er forskingsleiar ved INE/GSEE-ADEDY, forskingsinstituttet til ein stor del av dei greske fagforeiningane. |
s-230
| Robolis vil at omverda skal halda fram med å blåsa, og at dei skal blåsa mykje hardare. |
s-231
| - Den greske gjelda bør skrivast ned til 60 prosent av BNP, og Den europeiske sentralbanken må gå inn med store stimuleringspakkar til Sør-Europa, særleg bør dette gå til å få ein kunnskapsbasert økonom på fote. |
s-232
| Men fyrst og fremst må vi få hjula i gang att så raskt råd er. |
s-233
| Så ringjer professoren sekretæren for å få inn statistikken på bordet. |
s-234
| Den er ikkje frå Elstat, men hans eigen. |
s-235
| Tala Robolis presenterer, er som henta frå Sataniske vers. |
s-236
| Frå 2009 til 2011 gjekk den private etterspurnaden ned med 16,4 prosent, BNP med 10,2 prosent, produktiviteten med 3,3 prosent, løningane med 11,4 prosent og investeringane med 38,2 prosent. |
s-237
| Arbeidsløysa kom på si side opp til 15,2 prosent, det høgste sidan 1950. |
s-238
| Og verre skal det verta. |
s-239
| - Det er galenskap å øydeleggja ein økonomi på denne måten. |
s-240
| - Men du vil altså at ESB skal kjøpa gjelda, brenna henne og så gje dykk nytrykte pengar? |
s-241
| - Ja, seier han heilt roleg. |
s-242
| - Og det trur du Tyskland går med på? |
s-243
| - Alternativet er mykje verre. |
s-244
| 15.000 av våre best utdana og mest intelligente har drege frå Hellas i år. |
s-245
| Stadig fleire vert arbeidslause og har ingen verdi for økonomien. |
s-246
| Di dårlegare økonomien går, di lægre skatteinntekter får vi, og dimed må vi gjennomføra nye nedskjeringar. |
s-247
| Hellas vert fattigare og fattigare og stadig mindre produktivt og får endå mindre pengar å betala utlendingane med. |
s-248
| Dette er enkel økonomi. |
s-249
| Ja, dei rike må byrja å betala skatt, og ja, gresk og søreuropeisk økonomi må gjerast kunnskapsintensiv, men det hjelper ikkje å skvisa vanlege folk. |
s-250
| Det hjelper ikkje å skubba endå fleire utfor kanten. |
s-251
| - Då får de vel berre gå ut av euroen og gjennomføra dei tiltaka de meiner er naudsynte sjølve? |
s-252
| - Det ynskjer ikkje vi i arbeidarrørsla. |
s-253
| Truleg ville gresk BNP gå ned med 60 prosent om det skjer. |
s-254
| Det ville vera katastrofalt. |
s-255
| Tyskland og Nord-Europa må innsjå at store delar av gjelda er tapt. |
s-256
| Vi treng massivt med hjelp, økonomisk og strukturelt. |
s-257
| Tyrkarane har skulda |
s-258
| Robolis slår meg som naiv, men samstundes er han ein ærleg mann. |
s-259
| Han har ingen problem med å sjå problema Hellas står andsynes. |
s-260
| Den manglande viljen til å betala skatt, seier han, er det mellom anna historiske grunnar til. |
s-261
| Då grekarane var ein del av det ottomanske riket, vart dei kristne pålagde å betala mykje høgre skatt enn muslimane. |
s-262
| I tillegg måtte kvart femte gutebarn gjevast til janitsjarane som tvangskonverterte barnet til islam. |
s-263
| Ingen gav frå seg pengar eller born friviljug. |
s-264
| Og kom representantar for makta på døra, vart dei betalte under bordet. |
s-265
| - Eit slikt system bygde ikkje ein stat. |
s-266
| Vi veit kva vi er her i Hellas. |
s-267
| Vi er korkje ein del av Orienten eller av Vesten. |
s-268
| Vi er noko anna. |
s-269
| Vi er Hellas. |
s-270
| Robolis vil altså at dei rike og dei store verksemdene skal betala meir skatt, noko anna kan ein ikkje venta frå ein marxistisk orientert, franskutdana fagforeiningsøkonom. |
s-271
| Han har derimot inga tru på at det er mogeleg å skvisa meir skatt ut av vanlege folk. |
s-272
| - Produktiviteten er altfor låg. |
s-273
| I Hellas har vi om lag fire millionar arbeidstakarar og éin million verksemder. |
s-274
| 98 prosent av desse verksemdene har éin til ti tilsette. |
s-275
| Dei betaler i praksis ikkje skatt. |
s-276
| Om dei må betala skatt, er dei ikkje lenger lønsame. |
s-277
| Sjå deg rundt, her er kioskar og små forretningar overalt, desse har ikkje ein forretningsplan, ingen strategi for vekst. |
s-278
| Dei kan ikkje betala arbeidsgjevaravgift eller trygdeavgift. |
s-279
| Då er dei konkurs. |
s-280
| Slik er det ikkje i Noreg, vil eg tru. |
s-281
| - Nei, dei fire store matvarekjedene kontroller 99 prosent av varehandelen. |
s-282
| - Nettopp. |
s-283
| I eit slik system er folk effektive, og verksemdene krev inn skatt på vegner av styremaktene. |
s-284
| Vi er ikkje der. |
s-285
| Staten må fyrst omfordela og satsa på utdaning, forsking og infrastruktur. |
s-286
| Så kan vanlege folk òg få skatteevne. |
s-287
| Privatiser alt |
s-288
| Dette er så langt som eg kom i Hellas. |
s-289
| Grekarane vil at andre skal betala, omverda og troikaen vil at grekarane skal betala. |
s-290
| Og ingen veit kvar pengane skal koma frå. |
s-291
| Det mest radikale framlegget har som vanleg den unge Harvard-utdana ordføraren vi møtte i førre nummer, Kostas Bakoyannis. |
s-292
| - Staten må så langt råd er, privatiserast. |
s-293
| Vi bør innføra flat og lik skatt på alle inntekter og samla inn så mykje informasjon som mogeleg via automatiske datasystem. |
s-294
| Så overlèt vi til internasjonale revisjonsselskap å driva inn skattane. |
s-295
| Dei kan få provisjon på skatteinntektene. |
s-296
| Du har vore her ei veke. |
s-297
| Du har alt fått med deg det alle grekarar veit: |
s-298
| Staten fungerer ikkje. |
s-299
| Då eg forlét mannen frå troikaen, gjekk eg framom ei rekkje politimenn som stod på paradevakt utanfor bygningen. |
s-300
| Den greske politiuniforma kosta 4000 euro før krisa, om lag det same som det ein god skreddar i London tek for å sy ein dress. |