s-101
| Dagen etter dreg så regjeringa og 600.000 byråkratar på ferie. |
s-102
| «Kva er dette? |
s-103
| Det er no arbeidet byrjar», sa vi. |
s-104
| Men borte var dei. |
s-105
| Éi av orsakingane dei kom med, var at regjeringa hadde fått ny finansminister og ting dimed kom til å taka tid. |
s-106
| Men vi var nøgde med den førre finansministeren, vi. |
s-107
| Ingen av oss hadde bede dei om å byta finansminister. |
s-108
| Ti år med arbeid |
s-109
| Den dagen eg møter mannen, er den dagen då troikaen etter planen skulle byrja å betala ut nye 8 milliardar euro til den greske regjeringa. |
s-110
| Det hender ikkje, mellom anna av di Elstat altså ikkje har kunna gje oppdaterte tal. |
s-111
| - Når kjem pengane? |
s-112
| - Det veit eg ikkje. |
s-113
| Vi må ha ein truverdig plan på bordet. |
s-114
| Vi kan ikkje på nytt risikera at dei får pengane, og så stoggar alt opp. |
s-115
| Men utsetjinga er ikkje bra. |
s-116
| Alt no har dei byrja å stogga utbetalingane til entreprenørar og andre som har gjort eller gjer arbeid for det offentlege. |
s-117
| Det ynskjer vi ikkje, slikt noko skader berre økonomien og tilliten til regjeringa. |
s-118
| - Kor lang tid vil det taka å få Hellas på fote? |
s-119
| - Det mange ser ut til å gløyma, er at dette ikkje er ei klassisk gjeldskrise eller ei etterspurnadskrise, dette er ei strukturkrise. |
s-120
| Eg plar seia at slikt tek ti år. |
s-121
| Sverige gjekk gjennom store nedskjeringar utetter i 1990-åra. |
s-122
| Motoren byrja fyrst å gå for fullt att for fåe år sidan. |
s-123
| Nederland fekk ein eigen sjukdom oppkalla etter seg då gassen tok slutt, hollandsk sykje. |
s-124
| Det tok dei minst ti år å koma seg opp frå dalsøkket. |
s-125
| Etter betalinga for DDR måtte Tyskland gjennom eit tiår med lønsfrys og pensjonskutt, no går økonomien som berre det. |
s-126
| IMF kom inn i Tyrkia i byrjinga av 1990-åra, og fyrst i desse dagar vert IMF-kontoret der stengt. |
s-127
| Dette er døme på ulike økonomiar som har makta omstilling. |
s-128
| Vi i troikaen er her for å få til det same i Hellas. |
s-129
| - Men Hellas maktar ikkje ti år med nedgang. |
s-130
| - Nei, men det skal dei heller ikkje ha. |
s-131
| Ja, i byrjinga av strukturkrisa kjem nedgangen, men så, syner historia, byrjar ein svak oppgang, men høgkonjunktur får ein ikkje før det har gått nokså mange år. |
s-132
| - Grekarane kan då gje opp lenge før det? |
s-133
| - Ja, IMF pressa Argentina hardt. |
s-134
| Dei gav opp og tok konkursen. |
s-135
| Ein må skvisa, og nokon må lata seg skvisa. |
s-136
| Men eg er ikkje her for å ettergje gjeld, eg er her for å gjera Hellas i stand til å betala heile skulda si. |
s-137
| Det er mi oppgåve. |
s-138
| Dei har lånt pengane, og dei har lova å betala dei attende. |
s-139
| - Men alle i parlamentet har juksa på eigedomsskatten, alle tek imot pengar under bordet, skattestyremaktene er korrupte, lista er utruleg lang. |
s-140
| Dette er ikkje solide betalarar. |
s-141
| - Ja, dette er eit korrupt samfunn, og når ein lever i eit korrupt samfunn, må ein vera med på dansen. |
s-142
| Om du ikkje gjer som dei andre gjer, vert du lurd. |
s-143
| Sjølvsagt er eg klar over det. |
s-144
| Trur du eg er naiv? |
s-145
| - Nei, men du freistar å endra ein kultur. |
s-146
| Grekarane vert ikkje tyskarar same kor mykje du prøver. |
s-147
| - Det er her du tek feil. |
s-148
| Eg er ikkje her for å endra kulturen. |
s-149
| Gode økonomar er ikkje moralistar, gode økonomar talar om preferansar. |
s-150
| Sjå deg rundt. |
s-151
| Det er oktober, det er 26 grader ute, folk marsjerer i gatene, drikk kaffi på fortausrestaurantane og solar seg på verandaen. |
s-152
| Folk i Noreg drikk ikkje kaffi ute om vinteren, dei fyller ikkje gatene når det er 20 kuldegrader. |
s-153
| Folk i Hellas kan ha fantastiske liv. |
s-154
| Eg er her for å fortelja dei at «om du vil arbeida halve dagen og vera på stranda halve dagen, så skal ikkje eg stogga deg. |
s-155
| Men då får du ikkje same levestandarden som den som arbeider to tredjedelar av dagen, eller heile dagen.» |
s-156
| Det er ikkje verre enn det. |
s-157
| Snart er skatten vår |
s-158
| Men også dei som berre arbeider halve dagen, eller for den del heile tida, må betala skatt skal ein stat fungera. |
s-159
| Som den dåverande greske finansministeren George Papaconsantinou sa i eit intervju med The Observer i april 2010: |
s-160
| «Om du ser på tala, vil du oppdaga at dei som oppgjev at dei tener meir enn 100.000 euro, er om lag 15.000. |
s-161
| Eg trur ikkje det finst eitt einaste menneske her til lands som trur at dette landet berre har 15.000 menneske som tener meir enn 100.000 euro i året.» |
s-162
| Same månaden som finansministeren gav intervjuet, kjøpte grekarar 6 prosent av alle eigedomar som gjekk for over to millionar pund i London. |
s-163
| Truleg forsvann det meste av all likvid privat kapital ut av Hellas kort tid etter at krisa var eit faktum. |
s-164
| Ingen ville verta skattlagd, og ingen ville taka risikoen på at drakmen kom att. |
s-165
| Då krisa var eit faktum, sette ein gresk finansanalytikar på Wall Street seg ned og skreiv ei soge om dei tjue rikaste oligarkfamiliane i Hellas og om korleis maktapparatet i PASOK hadde fare fram sidan dei fekk makta i 1981. |
s-166
| Denne soga sende han til ymse kundar, brevet har sidan gått sin sigersgang over verda. |
s-167
| Analytikaren skreiv òg om all kapitalen som eksisterte, men som aldri fanst i nokon offisiell rekneskap: |
s-168
| «Vi grekarar er ei av dei rikaste folkeferdene i verda. |
s-169
| Berre på basis av den offisielle statistikken åleine er vi godt innanfor topp-40-lista per capita. |
s-170
| Men då gløymer vi at det er oppgjeven inntekt. |
s-171
| Ikkje sitér meg på denne statistikken, men eg har gode kjelder som fortel meg at det var seks grekarar som gav opp at dei tente meir enn éin million i inntekt sist nokon talde. |
s-172
| Og 85 gav opp meir enn ein halv million.» |
s-173
| Etter at greske styremakter fekk tilgang til sveitsiske bankkonti, fann dei ei mengd dokterar, advokatar og forretningsfolk som kvar hadde sett inn opp til femten millionar euro. |
s-174
| Dei hadde berre gjeve opp inntekter på mellom 40.000 og 80.000 euro i året. |
s-175
| «Det er ikkje naudsynt å seia det», skreiv finansanalytikaren, «men sjølvsagt kan Hellas betala gjelda». |
s-176
| Deretter konkluderte han med at dei ikkje kjem til å gjera det. |
s-177
| Mannen frå troikaen er heller ikkje optimist når det gjeld evna den greske staten har til å få inn skattane. |
s-178
| - Men vi arbeider med det. |
s-179
| Problemet er mellom anna at landet har hatt over tre hundre skattekontor. |
s-180
| På dei fleste har det sete éin person. |
s-181
| Han skal gå etter den lokale rikmannen. |
s-182
| Kva gjer han? |
s-183
| Prøver seg på ein fyr som har ein hær av revisorar, vener i regjeringa, i parlamentet og i media, eller tek han imot ein konvolutt fylt med nokre tusen euro? |
s-184
| No prøver vi å få laga eit sentralkontor her i regjeringsdistriktet som skal vera uavhengig og berre arbeida mot dei store verksemdene og dei verkeleg rike. |
s-185
| Det er ikkje noko poeng i å ha ei rad kontor med inkompetente personar rundt omkring på landsbygda. |
s-186
| Vil du ha straum? |
s-187
| Det nye skatteregimet stoggar ikkje med dei rike. |
s-188
| Også vanlege folk får staten etter seg. |
s-189
| Kvar gresk skattytar får no rekna ut eit normalkonsum per år, dette konsumet må vedkomande dokumentera. |
s-190
| Same fredagen som eg intervjuar mannen frå troikaen, byrja skattestyremaktene med utsendinga av elektroniske skattekort. |
s-191
| Alle butikkeigarar, restauranteigarar og seljarar av kva det skal vera, må no ha eit datagenerert nummer på kvitteringane dei gjev ut. |
s-192
| Desse nummera skal så greske skattebetalarar tasta inn i eit sentralt register for slik å koma opp til den offisielle konsumgrensa. |
s-193
| Om dei ikkje kjem dit, skal dei i teorien få straffeskatt. |
s-194
| På dette viset vil styremaktene tvinga folk til å be om rett kvittering. |
s-195
| Målet der framme er enkelt og greitt å gjera dei lokale skatteoppkrevjarane overflødige. |
s-196
| Den same tankegangen ligg bak den nye måten å krevja inn eigedomsskatt på. |
s-197
| Metoden er brutal. |
s-198
| Av di parlamentarikarane òg har eigedomar, har dei vore motstandarar av å skipa eit eigedomsregister. |
s-199
| Over heile Hellas finst det eigedomar som formelt sett berre dukkar opp i statistikken som mottakarar av elektrisitet. |
s-200
| No har staten byrja å krevja inn eigedomsskatt på basis av forbruk av straum. |