Sentence view
Universal Dependencies - Norwegian - Nynorsk
Language | Norwegian |
---|
Project | Nynorsk |
---|
Corpus Part | dev |
---|
showing 301 - 400 of 1890 • previous • next
Eg tek drosjebilen ut til flyplassen når eg dreg.
s-301
014475
Eg tek drosjebilen ut til flyplassen når eg dreg.
Sidan eg ikkje orkar å pakka ned dressen i kofferten, har eg han på meg.
s-302
014476
Sidan eg ikkje orkar å pakka ned dressen i kofferten, har eg han på meg.
Den førehandsavtala prisen er 38 euro.
s-303
014477
Den førehandsavtala prisen er 38 euro.
Då vi er framme, bed drosjesjåføren om 40.
s-304
014478
Då vi er framme, bed drosjesjåføren om 40.
Eg mumlar noko om ei kvittering.
s-305
014479
Eg mumlar noko om ei kvittering.
Han forstår sjølvsagt at ein mann med dress får att pengane av arbeidsgjevar og tek fram ei kvitteringblokk utan gjennomslagspapir.
s-306
014480

Han smiler og tilbyd å skriva ut ei kvittering på 45 euro.
s-307
014481
Han smiler og tilbyd å skriva ut ei kvittering på 45 euro.
Eg takkar ja, ler og gjev han dei fem ekstraeuroane i tips.
s-308
014482
Eg takkar ja, ler og gjev han dei fem ekstraeuroane i tips.
Om Hellas, Portugal og Irland får halvvert statsgjelda si, vil det kosta kvar tyskar vel 8000 norske kroner.
s-309
014483
Om Hellas, Portugal og Irland får halvvert statsgjelda si, vil det kosta kvar tyskar vel 8000 norske kroner.
No er det deira tur til å betala.
s-310
014484
No er det deira tur til å betala.
Eg har gjort mitt.
s-311
014485
Eg har gjort mitt.
- Ein roman om Israels framtid
s-312
014486
- Ein roman om Israels framtid
- Israel burde vere først til å anerkjenne ein palestinske stat, seier den israelske forfattaren David Grossman.
s-313
014487

Han er i Noreg for å lansere boka En kvinne på flukt fra budskapet, ei israelsk familiekrønike med krigen som bakteppe heilt frå seksdagarskrigen i 1967.
s-315
014489

Då låg tre ungdomar på same sjukehus og vart bundne saman i ein lagnadsfellesskap heilt opp til vår tid.
s-316
014490
Då låg tre ungdomar på same sjukehus og vart bundne saman i ein lagnadsfellesskap heilt opp til vår tid.
No har den unge israelaren Ofer nett avslutta verneplikta, og mor hans, Ora, den eine av dei tre, gler seg til å få han heim.
s-317
014491

I staden vender han friviljug attende til militærteneste då det er ein spent situasjon, Ora held ikkje ut å vere heime, og tek den no skadde ungdomsvenen Afram med seg på fottur gjennom Galilea.
s-318
014492

Seinare vert vi kjend med at han som soldat vart fanga og torturert av egyptarane under Yom Kippur-krigen i 1973.
s-319
014493

Han er far til Ofer, mens den siste i ungdomstrioen, Llan, er gift med Ora.
s-320
014494
Han er far til Ofer, mens den siste i ungdomstrioen, Llan, er gift med Ora.
Herifrå tek forfattaren lesaren med på ei reise gjennom eit livsverk av ei bok som han var i full gang med då den eine av dei to sønene hans, Uri, vart drepen i Sør-Libanon under den andre Libanon-krigen, 12. august 2006.
s-321
014495

- Lesaren av romanen får aldri vite kva som hender med den unge soldaten i romanen, men korleis påverka tapet av son din arbeidet med boka?
s-322
014496

- Den hadde eg byrja å skrive i 2003, men då Uri vart drepen, var eg nær ved å gje opp, til eg fann ut at å skrive boka ferdig var det einaste eg var i stand til.
s-323
014497

Emnet og personane var dei same heile tida, for romanen handlar ikkje om å miste nokon, men om redsla for å miste nokon.
s-324
014498

Det er noko israelarar får røyne heile tida.
s-325
014499
Det er noko israelarar får røyne heile tida.
Difor handlar det djupast sett om Israels framtid, og eg fann ut at den beste måten å finne ut av det på var gjennom nærleiken, varmen, fantasien og alt som pregar ein kvardag.
s-326
014500

Å fullføre verket var ein måte å vende attende til livet på.
s-327
014501
Å fullføre verket var ein måte å vende attende til livet på.
Det seier David Grossman, forfattar og journalist som sidan denne medarbeidaren intervjua han første gong i 1988, har vore ein av sterkaste kritikarane av sitt eige lands politikk.
s-328
014502

Det året kom boka Den gule vinden på norsk, bygd på ei reportasjereise han gjorde året før i okkuperte område på Vestbreidda.
s-329
014503

Og Grossman opplyste i eit føreord til denne utgåva at dåverande statsminister Yitzak Shamir kommenterte boka med å seie at ho ikkje var noko anna enn ein «journalistisk fabrikasjon».
s-330
014504

- Han avviste heile dokumentasjonen med éi setning, men eit halvt år seinare vart den første steinen kasta i Gaza, opprøret var i gang, og fabrikasjonen fekk kjøt på beina i form av steinar og blod, sa Grossman.
s-331
014505

Han har skrive fire essaysamlingar og ti romanar.
s-332
014506
Han har skrive fire essaysamlingar og ti romanar.
Kjærleiksromanen Noen å løpe med kom på norsk i 2006, då Grossman sa til Dag og Tid at «ein mur stoggar ikkje terror, og du kan ikkje byggje freden på ein vegg».
s-333
014507

Familie som historie
s-334
014508
Familie som historie
- Når vi snakkar om historie, tenkjer vi på dei store sakene og hendingane, men ho utspelar seg også på soverommet, i kjøkenet, i barnehagen, og gjennom å integrere det i skildringa skjønar du betre den store forteljinga.
s-335
014509

- I romanen er ein fottur Ora og Avram går langs det som vert kalla Israelsstigen, sentral i forteljinga.
s-336
014510
- I romanen er ein fottur Ora og Avram går langs det som vert kalla Israelsstigen, sentral i forteljinga.
Har du gått han sjølv under arbeidet med boka?
s-337
014511
Har du gått han sjølv under arbeidet med boka?
- Ikkje den lengste, men frå Haifa til Jerusalem.
s-338
014512
- Ikkje den lengste, men frå Haifa til Jerusalem.
Alt som vert sagt i samtalar med møtande turistar i romanen, er ekte, frå mine eigne notat.
s-339
014513
Alt som vert sagt i samtalar med møtande turistar i romanen, er ekte, frå mine eigne notat.
Eg gjekk om lag halvparten av den lange marsjen, som frå nord til sør i Israel totalt er på tusen kilometer, ikkje i luftline, men langs stigen.
s-340
014514

- Boka di har alt møtt ovasjonar blant kritikarar, kva seier lesarane i Israel?
s-342
014516
- Boka di har alt møtt ovasjonar blant kritikarar, kva seier lesarane i Israel?
- Inntrykka er sterke.
s-343
014517
- Inntrykka er sterke.
Eg respekterer lesarane mine, og av lesarane vert det forventa at du også utleverer deg sjølv.
s-344
014518
Eg respekterer lesarane mine, og av lesarane vert det forventa at du også utleverer deg sjølv.
Då gjeld det også å vere på vakt og ikkje la seg korrumpere med å levere litterær snøggmat.
s-345
014519
Då gjeld det også å vere på vakt og ikkje la seg korrumpere med å levere litterær snøggmat.
Dess viktigare er det i ei tid då eg opplever at vi meir og meir oppfører oss som sovande, lamma av ein håplaus situasjon.
s-346
014520

Nokon må vise vegen, og i romanen er det ei mor som nektar å leve med våpen.
s-347
014521
Nokon må vise vegen, og i romanen er det ei mor som nektar å leve med våpen.
«Ora er eg», seier folk til meg, og dei seier det også til meg i Brasil, i Slovenia, i Finland.
s-348
014522
«Ora er eg», seier folk til meg, og dei seier det også til meg i Brasil, i Slovenia, i Finland.
Lesarane ser ei kvinne som spør kvifor vi skal sende folk ut ein krig vi elles ikkje lyfter ein finger for å få slutt på.
s-349
014523

Over generasjonskløfta
s-350
014524
Over generasjonskløfta
- Eg har fått sterke bokmeldingar, men viktigare er at det er selt 150.000 eksemplar i det vesle landet mitt, og reaksjonane er uavhengige av den politiske ståstaden elles.
s-351
014525

Romanen råkar eit folk som er i ferd med å fryse fast - å bli « fossilert » - gjennom å sile bort den halvdelen av røyndomen som ikkje svarar til biletet dei har vant seg til med - og som opplever eit menneske som gjev seg sjølv den fridomen å ha ein frigjerande verknad på dei.
s-352
014526

- To generasjonar pregar romanen.
s-353
014527
- To generasjonar pregar romanen.
Opplever du ei veksande generasjonskløft i det israelske samfunnet?
s-354
014528
Opplever du ei veksande generasjonskløft i det israelske samfunnet?
- I høg grad, dei unge vert meir og meir apatiske, dei tek den politiske stoda slik ho er for gjeven, og trur ikkje på noko alternativ.
s-355
014529

Dei veit mindre og mindre om kva som hender, og vi har fått ein tredje generasjon av ulovlege busetjarar som ikkje kjenner noko anna liv.
s-356
014530

Slik er stoda, og med den politiske leiarskapen vi har i dag, kan det ende med uboteleg skade.
s-357
014531
Slik er stoda, og med den politiske leiarskapen vi har i dag, kan det ende med uboteleg skade.
Om noko har vorte betre i Israel, gjeld det ikkje leiarane våre, som berre nører opp under gammal angst.
s-358
014532
Om noko har vorte betre i Israel, gjeld det ikkje leiarane våre, som berre nører opp under gammal angst.
Den vegen gjekk det også med palestinarane som utvikla meir og meir ekstremistiske metodar gjennom sjølvmordaksjonane, eit frykteleg mistak som har skadd dei sidan.
s-359
014533

- Kva rolle kan den palestinske framstøyten andsynes FN spele?
s-361
014535
- Kva rolle kan den palestinske framstøyten andsynes FN spele?
- Israel bør vere den første til å røyste for godkjenning av Palestina og støtte medlemskap i FN.
s-362
014536
- Israel bør vere den første til å røyste for godkjenning av Palestina og støtte medlemskap i FN.
Det er ein ikkje-valdeleg og synleg måte å gjere det på frå den palestinske sjølvstyremakta.
s-363
014537
Det er ein ikkje-valdeleg og synleg måte å gjere det på frå den palestinske sjølvstyremakta.
Om det ikkje fører til store endringar med det same, ville det vere ein viktig bodskap til palestinarane om at det internasjonale samfunnet bryr seg.
s-364
014538

Eg skulle også sett at det hadde kome i stand tingingar mellom partane, og at president Obama kunne leie an i den prosessen, men slik både Israel og USA har stelt seg i denne saka, er ikkje utsiktene gode.
s-365
014539

At Israel som er ein demokratisk stat og medlem av FN, okkuperer ein annan og trugar med sanksjonar i høve han vil inn i FN, er utoleleg.
s-366
014540

- Kva kan den demokratiske oppreisten i arabarstatar som Egypt, Libya og Tunisia ha å seie?
s-367
014541
- Kva kan den demokratiske oppreisten i arabarstatar som Egypt, Libya og Tunisia ha å seie?
- Eg vonar dei vil oppleve å bli demokratiske.
s-368
014542
- Eg vonar dei vil oppleve å bli demokratiske.
Det har ikkje hendt enno, men som israelar ønskjer eg sjølvsagt å ha demokratiske granneland også.
s-369
014543
Det har ikkje hendt enno, men som israelar ønskjer eg sjølvsagt å ha demokratiske granneland også.
Men det har hendt noko i Israel denne sommaren ifrå juni til september og som er lite kjent.
s-370
014544
Men det har hendt noko i Israel denne sommaren ifrå juni til september og som er lite kjent.
Det har vore store demonstrasjonar for større sosial rettferd, mot sosial ulikskap.
s-371
014545
Det har vore store demonstrasjonar for større sosial rettferd, mot sosial ulikskap.
Det var ingen slagord retta mot israelsk busetjingspolitikk eller om palestinaspørsmålet, men som israelar ser eg likevel teikn på sosial oppvakning i ein elles forsteina politisk situasjon.
s-372
014546

- Dei første israelske reaksjonane på oppreistane var prega av redsle.
s-373
014547
- Dei første israelske reaksjonane på oppreistane var prega av redsle.
Det var mykje enklare før då det berre var éin einskild diktator å halde seg til, ein Mubarak, ein Gaddafi.
s-374
014548
Det var mykje enklare før då det berre var éin einskild diktator å halde seg til, ein Mubarak, ein Gaddafi.
Israel var redd for fredsavtalen med Egypt.
s-375
014549
Israel var redd for fredsavtalen med Egypt.
Men den store utfordringa for det internasjonale samfunnet no er at statane som før stod på god fot med diktatorane, må halde seg til dei verkelege ønska til folket, der dei gamle herskarane dei stod på god fot med, er borte.
s-376
014550

- Kva tankar gjer du deg om den siste fangeutvekslinga mellom Israel og Palestina?
s-377
014551
- Kva tankar gjer du deg om den siste fangeutvekslinga mellom Israel og Palestina?
- Eg unner både den israelske soldaten og dei palestinske fangane ein nyvunnen fridom, men det er også del av eit politisk spel, ei fjør i hatten for Netanyahu, ei anna til leiarane i Gaza.
s-378
014552

I denne saka tener den israelske fangen begge sider, og eg er redd det leier merksemda bort frå det store spørsmålet.
s-379
014553

Vi kan snøgt oppleve ei ny kidnapping med tilsvarande reaksjonar frå Israel, om nokon ser seg tent med det, seier Grossman.
s-380
014554

Av fleire har han fått spørsmålet om kva han meiner om dei som oppmodar til kulturell og akademisk boikott av Israel.
s-381
014555

- Eg er like kritisk mot den ulovlege israelske blokaden av Gaza som eg fordømmer det israelske åtaket på Gaza-flotiljen i internasjonalt farvatn i fjor, der fleire om bord i båten vart drepne.
s-382
014556

Eg meiner også at sanksjonane mot Iran har vore meir til skade enn til gagn.
s-383
014557
Eg meiner også at sanksjonane mot Iran har vore meir til skade enn til gagn.
Det vi treng no, er ikkje fleire måtar å kvesse til striden på.
s-384
014558
Det vi treng no, er ikkje fleire måtar å kvesse til striden på.
Den einaste farbare vegen vidare er gjennom dialog.
s-385
014559
Den einaste farbare vegen vidare er gjennom dialog.
Fri og leiken fotofeminist
s-386
014560
Fri og leiken fotofeminist
Utan hatt eller lue på det kortklipte hovudet sitt skilde fotograf Marie Høeg seg ut frå mengda da ho promenerte i Horten kring førre hundreårsskifte.
s-387
014561

Medan Nansen hadde heile nasjonen bak seg, hadde Marie Høeg det meste av nasjonen mot seg i ein kamp som har vart i over hundre år og som framleis pågår.
s-389
014563

På botnen av ei eske, i ein låve ein stad på Austlandet, vart det funne om lag førti glasnegativ merkte «privat».
s-390
014564

Eska dei låg i, stamma frå eit fotoatelier i Horten med namnet «Berg og Høeg», som hadde sitt virke kring år 1900.
s-391
014565

Fleire av dei viser ei ung og lite sjølvhøgtidleg kvinne, som leikar seg i ulike roller.
s-392
014566
Fleire av dei viser ei ung og lite sjølvhøgtidleg kvinne, som leikar seg i ulike roller.
Kvinna på bileta heiter Marie Høeg, ho var fotograf og kvinneaktivist.
s-393
014567
Kvinna på bileta heiter Marie Høeg, ho var fotograf og kvinneaktivist.
Bak kameraet står ei anna kvinne, kompanjongen og sambuaren Bollette Berg.
s-394
014568
Bak kameraet står ei anna kvinne, kompanjongen og sambuaren Bollette Berg.
Bileta, som er heilt unike i norsk samanheng, er i dag trygt forvarde på Preus Museum i Horten.
s-395
014569
Bileta, som er heilt unike i norsk samanheng, er i dag trygt forvarde på Preus Museum i Horten.
Fotograf og kvinneaktivist
s-396
014570
Fotograf og kvinneaktivist
Marie Høeg (1866 - 1949) frå Langesund og Bollette Berg (1872 - 1944) frå Nannestad kom til Horten i 1895.
s-397
014571
Marie Høeg (1866 - 1949) frå Langesund og Bollette Berg (1872 - 1944) frå Nannestad kom til Horten i 1895.
Dei to hadde møtt kvarandre i Finland, der dei begge studerte fotografi.
s-398
014572
Dei to hadde møtt kvarandre i Finland, der dei begge studerte fotografi.
I Horten opna dei sitt eige fotoatelier med namnet «Berg og Høeg» og livnærde seg av postkortproduksjon og som portrettfotografar.
s-399
014573

Horten var på den tida hovudbase for marinen i Noreg, og det var såleis stor gjennomtrekk og nok av folk som skulle portretterast.
s-400
014574

Edit as list • Text view • Dependency trees