s-201
| Ok, ein kan kritisere den rk kyrkja si helgenlære etc., men saka er der jo; '...di kyrkje i himmelen og på jorda prisar namnet ditt med samrøysta lovsong. |
s-202
| Med dei vil vi og blanda våre røyster og tilbedande syngja: |
s-203
| Heilag, heilag, heilag...') |
s-204
| Men ja, det betyr at det politiske samfunnet - Noreg som nasjonalstat og fedreland etc. - ikkje er der vår djupaste lojalitet skal liggje. |
s-205
| Vår djupaste lojalitet skal liggje til Jesus som Herre og til hans rike, ikkje til Jens Stoltenberg, regjeringa eller Stortinget. |
s-206
| Ok - men Stoltenberg og co. er likevel Guds tenarar, ein del av organisasjonen som held oppe samfunnet, i tråd med Guds skapargjerning. |
s-207
| All legitim autoritet er frå Gud. |
s-208
| Difor skal vi bøye oss for Guds tenarar, så langt dei adlyder Guds lov. |
s-209
| Ok. |
s-210
| Så vi er ein minoritet i eige land, vi har blitt det. |
s-211
| Og om Dnk ikkje heilt har vakna opp og lukta på kaffien, så kjem dei snart nok til å gjere det, for vi kan sannsynlegvis i nokon grad ekstrapolere vidare utviklinga som har pågått dei siste tiåra, i og med at det for tida er vanskeleg å sjå vesentlege motargument og hinder som skulle endre (på djupet) premissa for utviklinga. |
s-212
| Og ja, hm. |
s-213
| Dette bringar meg til punktet mitt her. |
s-214
| Det er spennande og skjerpande og stundom litt ' deprimerande ' å debattere på VD, til dømes. |
s-215
| Ein innser, av motdebattantar, liksom ... hm ... kor store utfordringar ein stillast på. |
s-216
| Det handlar om inkje mindre enn å samtenke moderne vitskap med klassisk metafysikk på ein frisk måte. |
s-217
| Og eg les mange bøker, ikkje sant. |
s-218
| Og eg innser kor mykje som trengst å ryddast opp i i dagens samfunnsdiskurs for at sanninga igjen skal få gode kår, så å seie. |
s-219
| Ein må kunne fysikk-filosofi og biologi-filosofi ganske godt. |
s-220
| Så må ein naturlegvis kunne sin Aristoteles veldig godt. |
s-221
| Og verkeleg generell metafysikk. |
s-222
| Ein må kunne kyrkjefedrane - særleg dei kappadokiske, kanskje - og ein må kunne sin Aquinas. |
s-223
| Ein må framfor alt kunne Bibelen veldig godt, både på hebraisk og gresk. |
s-224
| Så må ein kunne moderne filosofi, ikkje minst for å vere i stand til å føre dialog med folk i dagens samfunn, og byggje bru frå Descartes, Hume, Kant, Nietzsche etc. og over til ei anna røyndomsforståing. |
s-225
| Og ein må kunne sin 'naturlege lov' og sin politiske teologi og vite korleis ein skal argumentere inn i det offentlege rom. |
s-226
| Og ein må kunne menneskerettane og bioteknologi og menneskeverd og samlivsetikk. |
s-227
| Så. |
s-228
| Hm. |
s-229
| Det må, som ein forstår, ei slags arbeidsdeling til her, på sett og vis. |
s-230
| Ein person kan ikkje vere ekspert på alle desse tinga, sjølv om eg personleg freistar å få oversikt over dei fleste av dei, sidan det er ein såpass rotete situasjon for tida. |
s-231
| Men ... hm ... for at ein skal kunne setje seg inn i eitt felt, og vie seg til det, så krev det også på sett og vis at ein kan 'slappe av' og finne sitt rom i ein større organisasjon/tradisjon/fellesskap/kyrkje som ein kan stole på at 'takes care of the business' på andre område. |
s-232
| Det er også ei anna organisatorisk side ved dette. |
s-233
| Når den kristne trua er heilt avhengig av at det skjer seriøse gjennomtenkingar av så store og fundamentale fagdisiplinar, så krev det på sett og vis leiing og styring, eller i det minste ein slags autoritativ tradisjon som kan halde arbeidet saman på ein koherent måte. |
s-234
| Det fungerer dårleg med ein kyrkjeleg struktur som er basert på at alle røyster skal få sleppe til i like stor grad, d. e. ein struktur som operer meir eller mindre uavhengig av tradisjon eller Bibel eller rasjonalitet eller logikk. |
s-235
| For då vil Todd Bentley bli like god som David Bentley Hart, liksom. |
s-236
| Vel! |
s-237
| Så lenge det ikkje bryt ut direkte kristendomsforfylgjingar, og vi kan stifte organisasjonar, samlast til samtale, lese bøker, delta i gudsteneste etc., så er det von. |
s-238
| Og det er ein spennande prosess vi som kristne har blitt kasta ut i. |
s-239
| Vi blir tvinga til å tenke gjennom ting på nytt, eller meir eller mindre gå under, på sett og vis. |
s-240
| (Slik er i alle fall utviklinga i dag). |
s-241
| Og då blir vi også tvinga til fornying, trur eg. |
s-242
| Men ja. |
s-243
| Det vil krevje veldig store offer, trur eg, for at det skal monne. |
s-244
| Ikkje at eg trur at slike offer treng å vere ulystprega - tvert imot. |
s-245
| Men det vil krevje at ein set av tid, krefter, pengar etc. til Guds rike. |
s-246
| Og altså - det å vere ein kristen er jo framfor alt prega av sjølvoppofring, sjølv om det krev visdom å finne ut korleis ein skal leve dette ut. |
s-247
| Men ja: |
s-248
| Det vil liksom krevje at ein veit kva ein vil med livet sitt, og at ein gjer det. |
s-249
| Og at ektepar verkeleg veit kva dei vil med å vere ektepar, og at dei gjer det. |
s-250
| At studentar (ikkje minst) veit kva dei vil med studiane sine, og at dei gjer det. |
s-251
| Så det er jo motkulturelt; eg labba gjennom platekompaniet i dag, på Oslo City. |
s-252
| Og det er mange fine filmar der, altså. |
s-253
| Men også mykje ' junk '. |
s-254
| Og eg tenkte: |
s-255
| Her er det mange folk som går for å finne ting å fylle kvardagen sin med. |
s-256
| Folk rundt meg hadde masse filmar og spel og musikk. |
s-257
| Men har dei tid til 'det eine nødvendige,' til 'den gode del', d. e. det å lytte autentisk som ein Jesu læresvein, slik Maria gjorde ved Jesu føter? |
s-258
| Hm. |
s-259
| Den formaninga går like mykje til meg som til andre. |
s-260
| Ok. |
s-261
| Så dersom det er unge og intellektuelle kristne, så er det veldig bra om dei verkeleg vil arbeide for ei kristen intellektuell vekking. |
s-262
| Kanskje er ikkje norsk protestantisk kristenhet tenleg som eit rammeverk for den typen arbeid - i alle fall må ein hente inn impulsar frå andre stader. |
s-263
| Men jobben treng å bli gjort. |
s-264
| Hm. |
s-265
| Ok, dersom du skal lese ein litt dramatisk versjon av det eg har sagt her, kan du lese Peter Kreefts vesle artikkel her. |
s-266
| Den grå juvelen |
s-267
| Eg heldt eit kåseri på laurdag på ein strålande fin fest der ekte, sunnmørsk raspeball vart servert. |
s-268
| Det har kome nokre oppmodingar om at eg bør publisere det i bloggen, og eg er ikkje vond å be, så difor kjem det her: |
s-269
| Andektige sit vi og betraktar tallerknane våre, dette unike vestlandske mateventyret som vekkjer heimlengten sjølv i Oslobuarar på tredevte året. |
s-270
| Sjølv om vi i kveld feirar og hyllar raspeballen så finst det utruleg mange variantar av ball, sjølv om ein berre ser på dei næraste fylka rundt oss. |
s-271
| I Møre og Romsdal får du servert potetball eller raspeball, gjerne med rabbe (kålrot, kålrabi), saltkjøt eller pølse og smelta smør. |
s-272
| På Nordmøre og i Romsdal får du gjerne blandaball, der potetmassen er blanda med fiskefarse. |
s-273
| Du kan også få saltfiskball eller grovfiskball, som er laga av tørrfisk eller klippfisk. |
s-274
| I Trøndelag får du ofte klubb. |
s-275
| I Sogn og Fjordane får du servert raspekake med svine- og saueknokar, dette er tradisjonsmat på ' fotatorsdag ', skjærtorsdag. |
s-276
| På sørlandet får du kompe, her må væske pressast ut av dei rivne potetene før ein lagar røra ferdig. |
s-277
| Når du nærmar deg Stavanger skiftar ballen namn til komle, og du kan til og med få komlesteik. |
s-278
| Du tek ballrøra og fyller i ei langpanne, legg på bacon og bakar ballen i omnen, så og seie. |
s-279
| I Breim kan du få kleppsuppe eller klempesupe, små ballar kokt i mjølk som er sukra, og vert servert med ekstra sukker og kanel. |
s-280
| På Åheim har eg fått servert kjøtt i påsse. |
s-281
| Der tek du ballrøra i ein tøypose, og senkar den ned i ei gryte med salt fårekjøt som har kokt i fleire timar først. |
s-282
| Etter eit par timar til kan du då få eit digert stykke ball som du skjer i skiver og serverer til fårekjøtet. |
s-283
| Men det som verre er: |
s-284
| du kan få både sildeball, rognball og det endå kvalmare fenomenet kams. |
s-285
| Kamsen vert laga med lever, og smakar pyton, spør du meg. |
s-286
| Så då er det tid for mi første tilståing: |
s-287
| Eg er ei matpyse. |
s-288
| Eg åt sursild ein gong, då var eg fire år. |
s-289
| Einaste grunnen til at eg åt det var at det var favorittonkelen min som ga meg det. |
s-290
| Han er nordmøring, og eg var veldig imponert over at han hadde eit diplom hengande på kjøkkenveggen som han var tildelt 'for oveting av blandaball'. |
s-291
| Det var altså første og siste gong eg åt sild. |
s-292
| Eg har ete makrell ein gong, det var på Bølgen og Moi. |
s-293
| Det var til å leve med, men eg har framleis mareritt om lukta av steikt makrell som møtte oss i trappa når vi kom heim frå skulen. |
s-294
| Då visste eg at det vart havregrynssuppe på meg til middag. |
s-295
| Og ostesmørbrød til kvelds, heldigvis. |
s-296
| Men når det var ball til middag derimot, då var lukka gjort. |
s-297
| Det var enklaste sort, med smelta margarin og kokt rabbe. |
s-298
| Sjølv om mor mi kjem frå Målselv så var ho kjapp med å lære seg å lage god ball. |
s-299
| Ved heilt spesielle høve vart ballen servert med brudavollmôr, elles var det kjøtpølser frå Gilde, rabbe og mykje smelta Per Margarin. |
s-300
| Finst Per margarin lenger, forresten? |